Onsdag tok kombinertherrane VM-gull i lagkonkurransen, til trass for at tyskarane la inn protest etter ein «race incident» mellom Jarl Magnus Riiber og Julian Schmid i den nest siste bakken før oppløpet.
Og meir drama skulle det bli på medaljeseremonien. Då Jørgen Graabak skulle fotograferast med medaljen, rauk festet som gullet hang i.
No er Graabak oppgitt.
– Det var jo berre lureri, dei medaljane. Det er ikkje noko hald i dei. Det er kråkegull. Ikkje kråkesølv, kråkegull, seier han ironisk.
– Ikkje godt nok?
– Det er jo ikkje gjævt i det heile teke, seier han og ler.
SKÅR I GLEDA: Det var ikkje lenge Jørgen Graabak kunne nyte gullet, før den var øydelagd.
Foto: PRIVATSkuffa
På spørsmål om korleis ein medalje ryk i festet, ristar han på hovudet.
– Det er litt for dårleg kvalitet dessverre. Det har visst skjedd med fleire òg. Det var skuffande, seier han.
STOLT: Graabak medan medaljen framleis var heil.
Foto: Terje Pedersen / NTBSjølv håpar han at han kan få ein ny.
– Eg reknar med at det er ein garantisak. Det blir sendt inn reklamasjon omgåande, og så håpar vi at det blir tatt til følge, seier han med glimt i auga.
– Kva gjer du med den no? Ligg den på hotellrommet utan hank?
– Ja, førebels ligg den fint plassert på bordet. Eg håpar å få erstatta den med ein som er hundre prosent i stand, seier han.
Han avskriv at det er han sjølv som har gjort noko feil.
– Nei. Eg bør jo begynne å få litt erfaring med medaljar, men eg har tydelegvis meir å lære, seier han.
RETT FØR UHELLET: Her blir kombinertherrane feira, like før uhellet var ute.
Foto: Terje Pedersen / NTBLegg seg flat
Det er Det internasjonale Skiforbundet (Fis) som har ansvaret for medaljane i meisterskapet, og kommunikasjonsdirektør Jenny Wiedeke beklagar på vegner av Fis.
– Vi må openbert beklage til utøvarane som har opplevd dette. Det er ein stor prestasjon å vinne medaljar, og vi jobbar for at utøvarane vil få dei erstatta, enten undervegs i meisterskapet eller etterpå, seier Jenny Wiedeke til NRK.
Renndirektør Lasse Ottesen opplyser om at det same har skjedd med ein tysk sølvmedalje og ein bronsemedalje tidlegare i meisterskapet.
FORKLARER HENDINGA: Renndirektør Lasse Ottesen.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Eg har fått opplyst frå våre folk at det er anhenget som koplar medaljen til snora, som har ein liten feil. Den blir sjølvsagt returnert, og så får utøvarane som har ein slik feil, ein ny som er hundre prosent i orden, seier Ottesen til NRK.
På spørsmål om korleis dette kunne skje, svarer Ottesen dette:
– Det er sjølvsagt beklageleg. Eg veit berre at vi bytta produsent for tre, fire månader sidan, då førre produsent la bedrifta ned. Dette skal sjølvsagt ikkje skje, men no har det skjedd på tre av hundre medaljar vi deler ut, seier han.
Han er ikkje einig i Graabaks påstand om at det er lureri.
– Det er det sjølvsagt ikkje. Som sagt er det beklageleg, men det er ikkje lureri og den har sjølvsagt like stor verdi som normalt, seier Ottesen.