Blant kvinnene var det VM-dronninga Megan Rapinoe som fekk prisen – hennar første.
Lionel Messi vann sin første i 2009. Ti år seinare tek han sin sjette. Så mange har ingen greidd før.
Messi har ein solid statistikk å slå i bordet med i 2019: 46 mål og 17 målgivande for klubb og landslag, toppscorar både i meisterligaen og La Liga. Han vann også ligaen med Barcelona. Han tok sin sjette gullball, og det er rekord. I finaleheatet slo han mellom andre Cristiano Ronaldo, som har fem.
Messis tidlegare triumfar kom i 2009, 2010, 2011, 2012 og 2015.
van Dijk kom nærmast
Liverpools Virgil van Dijk var rekna som Messis hardaste konkurrent, og var favoritt for mange. Han ville blitt den første forsvararen med denne utmerkinga sidan Fabio Cannavari for 13 år sidan.
– Eg vil takke alle mine kollegaer som har medverka sterkt til denne prisen, og eg vil takke alle journalistane som røysta på meg. Dette er fantastisk, sa Messi då han takka for prisen.
van Dijk og Cristiano Ronaldo kom nærmast Messi i røystinga.
– Eg har hatt ein god sesong, men det er nokon som er betre.
På sosiale medium er hyllar dei fleste Messi som ein verdig vinnar, men ikkje alle:
I fjor vann Kroatias Luka Modric prisen, den første vinnaren sidan 2007 som ikkje heitte Messi eller Ronaldo.
Liverpool dominerte lista over dei nominerte. Sju av dei 30 på lista er frå meisterliga-vinnaren.
Rapinoe følgde Hegerberg
USAs fotballikon Megan Rapinoe blei den andre kvinnelege vinnaren av Gullballen, etter Ada Hegerberg i fjor.
Rapinoe var klar favoritt etter at ho blei både toppscorar og beste spelar i VM, der USA vann. 34-åringen vann også FIFA Football Awards tidlegare i haust.
Ho var ikkje til stades på utdelinga i Paris.
– Det er eg lei meg for. Eg kan ikkje fatte at eg har vunne. Det har vore eit utruleg godt år, sa ho i ein video ho hadde sendt.
Englands Lucy Bronze og amerikanske Alex Morgan kom nærmast Rapinoe.
Den utdelinga var det meir semje om på sosiale medium:
Ada Hegerberg blei i fjor den første kvinna som har vunne Ballon d'Or – eller Gullballen, på godt norsk. Ho var nominert i år også, men sjansane til å vinne på nytt blei nok svekka av at ho valde å ikkje delta for Noreg i VM.
Seks av dei 20 nominerte var frå Lyon.
Første keeper-pris
For første gong blei det også delt ut ein pris spesielt for målvaktene. Lev Jasjin-prisen er til minne om Sovjetunionens og Dynamo Moskvas legendariske keeper frå 60- og 70-talet, som mellom anna redda 150 straffespark.
Prisen gjekk til Liverpools Alisson. 27-åringen vann både meisterligaen med Liverpool og Copa America med Brasil.
– De lagar alltid trøbbel for oss, sa han til dei mange angrepsspelarane i salen – ikkje minst til Bayern Münchens Robert Lewandowski, som delte ut prisen.
Nederlandske Matthijs de Ligt fekk prisen for årets unge spelar. 19-åringen var kaptein for Ajax som nådde semifinalen i meisterligaen, og gjekk til Juventus før denne sesongen.
Gullballen er rekna som den høgaste individuelle utmerkinga ei fotballspelar kan få. Prisen er blitt delt ut kvart år sidan 1956, då den engelske legenda Stanley Matthews vann. Fram til 2009 var det magasinet France Football som delte ut prisen åleine. Frå 2010 til 2015 blei det gjort i samarbeid med FIFA, men sidan 2016 har igjen France Football delt han ut.
Det er ei avrøysting blant internasjonale journalistar som avgjer kven som får prisane.
Til slutt ein aktuell kommentar til utdelinga i Paris: