I fjor sommar sa Ada Hegerberg nei til landslaget, etter eit EM som blei svært dårleg for Noreg.
– Grunngivinga ligg i stor grad utanfor landslagstrenar Martin Sjögrens ansvar, sa Hegerberg då.
Det er ei avgjerd ho ikkje har problem med no, snart eitt og eit halvt år seinare.
– Sidan eg bestemte meg for det, har det aldri vore vanskeleg. Det har dukka opp ting som eg gjerne skulle vore utan, men det er slikt som eg ikkje kan gjere noko med. Eg legg energien i det eg kan gjere. Det er å trene godt og prestere for Lyon.
- Video: Hegerberg fekk twerke-spørsmål på scena under Gullball-utdelinga
– Landslag og forbund må forbetre seg
Hegerberg fortel at ho har hatt gode samtaler med NFFs nye elitefotballdirektør Lise Klaveness, utan at det så langt har gjort noko med avgjerda om nei til landslaget.
– Det er ein del endringar som må til for at eg skal vurdere å kome tilbake. Det handlar ikkje om at eg må endre meining. Det handlar om at dei må gjere det som må til for å forbetre seg som landslag og som forbund, først og fremst. Der er det framleis ein lang veg å gå. Stort meir er det ikkje å seie frå mi side, sa Ada Hegerberg seint i går kveld.
– Freistar ikkje VM?
– Det handlar ikkje om freisting. Det handlar om eit val som er tekne, og som er uavhengige av om landslaget vinn kampar.
Ho seier at det er landslaget som må ta hennar val til etterretning.
– Eg meiner eg la fram mitt syn den gongen på ein veldig tydeleg og klar måte, seier Hegerberg, og ønskjer landslaget lykke til med oppladinga og med VM til sommaren.
– Ein lei situasjon
Klaveness var gjest i Kveldsnytt måndag, like etter at Ada Hegerberg hadde fått Gullballen.
– Ada har teke eit velfundert val om å ikkje spele for landslaget. Det er ein lei situasjon som vi skulle vore utan, sa Klaveness.
Ho vil ikkje svare ja eller nei på spørsmålet om ho trur Noreg reiser til VM i juni/juli utan den beste spelaren i verda.
– Vi ønskjer å ha ein dialog med Ada uavhengig av VM. Vi må prøve å forstå situasjonen og gjere henne disponibel for landslaget på sikt. Det er Ada som bestemmer dette.
Vi prøve å løyse floken
Hegerbergs nei etter EM i fjor skapte også ei spent stemning med dei andre på landslaget. Etter at VM-plassen var klar tidlegare i hast, erfarte NRK at berre ei ekte orsaking frå Hegerberg overfor spelargruppa er godt nok til å løyse konflikten.
– Eg kjenner at eg alltid har vore ein dårlegare spelar når eg har reist heim frå landslagssamling, og slik skal det ikkje vere, sa Hegerberg til Aftenposten i fjor sommar. Det skal ha vore noko resten av landslagsruppa reagerte sterkt på.
NRK erfarte også interne regelbrot, krangel og uro under EM i 2017, der Hegerbergs oppførsel skal ha vore eit tema.
Klaveness vedgår at det gjer det heile vanskeleg, men vil prøve å løyse floken.
– EM var tungt for alle involverte. Så trekte Ada seg, og heile situasjonen låste seg. Ein konflikt som går lenge utan dialog, endrar seg. Det er dette vi må få oversikt over og forstå.
Klaveness er uansett glad for at Hegerberg vann.
– Det er ein velfortent pris, sa Klaveness. – Og vi i NFF er glade for at ho vinn den prisen.
– Vi skal heller ha ei Ada utanfor landslaget enn ingen Ada i det heile teke.