Granqvist er kaptein på laget som slo ut Italia og sikra plass i fotball-VM. Han tok svensk fotballs gjævaste pris framfor Emil Forsberg og Zlatan Ibrahimovic.
Det fekk Forsbergs kone Shanga til å reagere. På Instagram har ho lagt ut eit bilete med tekst:
– Emil Forsberg hadde 22 målgivande pasningar i Bundesliga i fjor. Meir enn nokon annan spelar i dei fem største ligaene i Europa.
Forsberg spelar på RB Leipzig, nykomaren som tok andreplassen bak Bayern München i Bundesliga sist sesong.
Det gav følgjande svar frå Andreas Granqvists kone Sofie:
– Må ein lage mange mål for at det skal vere OK å vinne Gullballen? spør ho.
Kapteinsrolla til Granqvist på landslaget var sentral i juryens grunngjeving.
Men kritikken går lenger enn til fruene. Fleire profilar meiner Forsberg burde vunne.
– Korleis kan Forsberg unngå å vinne prisen i år? seier den tidlegare spelaren Moesta El Kabir.
Når det ikkje blei Zlatan, måtte prisen gå til Emil Forsberg, seier Bojan Djordjic, som kallar juryen "saft og bulle-verksamhet".
Av Aftonbladets lesarar røysta 48 prosent for Forsberg. 24 gjekk for Granqvist og 20 for Zlatan Ibrahimovic.
Zlatan har vunne prisen 11 gonger, og dei siste 10 på rad. Og utanfor Sveriges grenser er det også reaksjonar på at han ikkje vann i år igjen, trass i at han har vore ute med skade i sju månader.
I dei blindes land er den einøygde manne konge, skriv nederlandske HLN.
– Flytt på deg, Zlatan, skriv Bleacher Report på Twitter.