– Vi kjem til å slite denne vinteren her, meiner NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde.
For like før sesongstarten er fråfalla mange på kvinnesida av norsk skiskyting. Verken Marte Olsbu Røiseland, Tiril Eckhoff eller Ingrid Landmark Tandrevold står på startstreken når sesongen blir sett i gang den kommande helga.
I tillegg vil Ida Lien berre stille til start på sprinten søndag.
Nettopp desse fire løparane henta heim stafettgullet under VM i Pokljuka i 2021, men no er alle sette på sidelinja med skadar og sjukdom.
Og med berre to veker til verdscupen opnar i finske Kontiolahti breier uvissa om seg.
– Eg kan ikkje hugse at det har vore så mange fråfall før, og eg håpar verkeleg at dei kjem seg på beina igjen til Finland. Det er ei lita krise i norsk kvinneskiskyting den helga her, seier NRKs skiskyttarekspert Synnøve Solemdal.
Både Olsbu Røiseland og Eckhoff kan miste fleire renn i sesongstarten, og med det vil Noreg stå utan dei to største suksessgarantiane sine.
På Sjusjøen vil berre Karoline Knotten frå elitelandslaget stå på startstreken både laurdag og søndag.
– Det ser ikkje lyst ut. På ein måte er det krise akkurat no, men vi får tru at på sikt får vi heva det her, seier Lunde.
– Ola er alltid litt bekymra
Dei siste fire åra har dei norske kvinnene vunne pokalen for beste nasjon i verdscupen, men no trur NRKs ekspert at det norske hegemoniet er over.
– Det blir tøft. Vi har Ingrid, i tillegg til Marte og Tiril, som kan levere bra, og vi kjem nok til å vere med å kjempe om medaljar i VM, men det skal bli hardt å bli beste nasjon igjen, meiner Lunde.
Sportssjef for skiskyttarane, Per Arne Botnan, er på si side meir optimist.
– Eg trur det er mogleg i år òg. Vi hadde ingen superstart i fjor heller, men kom veldig sterkt utover. Eg har tru på at dei nest beste hevar seg når dei anteke beste ikkje er med til kvar tid, seier Botnan.
Han meiner NRKs ekspertar tek litt vel hardt i.
– Ola er alltid litt bekymra, men det går som regel bra, seier Botnan med eit smil om munnen.
Men også sportssjefen innrømmer at situasjonen ikkje er optimal.
– Eg er litt bekymra for sesongstart, vi skulle gjerne hatt alle på plass. Men fleire er i gang med trening og var ikkje så langt unna konkurranse denne helga. Om to veker er forhåpentleg dei aller fleste på start, så eg er litt mindre bekymra for Kontiolahti, fortel sportssjefen.
– Helsa må komme først
Snaue 18 kilometer frå der skiskyttarane skal teste forma for første gong, gjennomfører Olsbu Røiseland nok ei økt heime på Lillehammer.
Den store skiskyttardronninga i fjor synest det er synd at alle dei største stjernene droppar sesongstarten.
– Det er veldig kjedeleg. Vi skulle gjerne stilt mannsterke til opningsrennet. Det er eit viktig renn for å komme i gang før verdscupen og kjenne på kva ein må forbetre dei siste vekene før verdscupstart, seier Olsbu Røiseland til NRK.
Ho håpar situasjonen for seg sjølv, og lagvenninnene snur kjapt.
– Men helsa må komme først og ein må berre ta dei forholdsreglane ein kan for å vere best mogleg førebudd til verdscup, forklarer ho.
Lunde kryssar fingrane for at det vil gå raskt.
– Noreg må først og fremst få alle løparar friske igjen og så får vi håpe at vi får nye løparar opp som kan vere med å kjempe om topplasseringar, seier eksperten.
Han meiner landslagsleiinga allereie no må sjå fram mot OL i 2026.
– Det er viktig å byggje eit lag fram mot neste OL no. Finne nye talent, gi dei tid og moglegheit til å utvikle seg, avsluttar Lunde.