NRK Meny
Normal

Gull-Tiril på gråten etter superløp: – Sjukt

HOLMENKOLLEN/OSLO (NRK): Tiril Eckhoff (25) kopierte Liv Grete Skjelbreids VM-bragd frå år 2000.

– Det var digg. Helt fantastisk å rundt her i dag. Det er det råeste, jeg kan ikke beskrive det, sier en målløs Tiril Eckhoff etter målgang.

RØRT: Tiril Eckhoff klarte ikkje å halde tårene tilbake etter VM-sprinten på heimebane.

– Eg har jobba knallhardt for dette. Eg har grine så mange gangar på vegen. Det har vore mange PMS-augneblink. Det er heilt sjukt, seier Eckhoff til NRK.

Norges beste skiskyttarjente skaut feilfritt for første gang i karriera. Utruleg nok skjedde det under stort press VM på heimebane.

– Kan ikkje beskrive det

Til enorm jubel frå tusenvis av norske fans gjekk Tiril Eckhoff over målstreken ein god kilometer unna barndomsheimen. I intervju med NRK tok 25-åringen til tårene.

– Det er heilt fantastisk. Eg skyt fullt for første gang i karrieren. Det er det råaste. Eg kan ikkje beskrive det. Det er verkeleg riktig dag å gjøre det på, seier Eckhoff.

– Det er uverkeleg, rett og slett, seier 25-åringen.

Tiril skyter fullt hus, også på stående.

FEILFRI FOR FØRSTE GANG: Tiril Eckhoff har aldri levert feilfritt på standplass i verdscup, OL eller VM før maktdemonstrasjonen i Holmenkollen.

Kopierte Skjelbreid: – Eg blir så rørt

25-åringen kopierte Liv Grete Skjelbreid, som sikra norsk VM-gull på sprinten i Holmenkollen i 2000.

Også Skjelbreid var så rørt at ho sleit med å finne ord for å beskrive Eckhoffs prestasjon.

– Eg blir så rørt når eg kjenner på det som du har streva med, seier Skjelbreid til Eckhoff.

Før VM snakka Eckhoff om sitt store ønske om å gjøre som Skjelbreid i Holmenkollen.

Tiril Echoff har aldri skutt feilfritt i et indivduelt renn i verdenscupen. Nå er Norges største kvinnehåp inspirert av en tidligere VM-dronning før mesterskapet på hjemmebane.

Sjå Tiril Eckhoff bli hylla framfor stappfulle tribunar på heimebane.

Tiril Eckhoff går i mål til ledelse. Mye skal til for at noen slår henne.

HYLLA I KOLLEN: Norges beste skisyttarjente, Tiril Eckhoff.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • "Lord Bendtner" fekk stemma

    Biletet av denne stemmesetelen går Danmark rundt:

    Jonas Pedersen fann ingen namn han likte på nokon av listene ved lokalvalet. Så han tok pennen i eigne he nder og gav si stemme til Rosenborgs "Lord Bendtner".

    – Hans fanesaker ville ha blitt fotballtrening for alle, og eit eige målakademi, seier Pedersen til Ekstrabladet.

    Laster Instagram-innhold
  • Wilbek blir borgermeister

    Den mangeårige og velkjende handballtrenar Ulrik Wilbek blir etter lokalvalet i går ny borgarmeister i Viborg, melder BT.

    Wilbek trena Danmarks kvinnelandslag med suksess i sju år og herrelandslag i ni.

    Ulrik Wilbek
    Foto: GUSTAU NACARINO / Reuters
  • Mållaust for Kamaras Crew

    Verken Ola Kamara eller hans lag Columbus Crew makta å score mot Toronto i første conference-finale i MLS-ligaen i natt. Kampen enda 0-0, og Kamara spela heile kampen.

    Returkampen går i Toronto 29. november, og vinnaren går til MLS-finale 9. desember.

    Ola Kamara
    Foto: Aaron Doster / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal