– Det var tungt i opninga i dag. Det positive er at det gjekk lettare og lettare. Det kjendest ut som eg måtte «gå meg inn» og på sisterunda kjendest det bra ut, fortel Berger til NRK.
Berger var mil bak gullet, der slovakiske Anastasiya Kuzmina var overlegen. Ho skaut feilfritt og vann 19,9 sekund framfor russiske Olga Volukhina og 21,7 sekund framfor ukrainske Vita Semerenko.
Berger enda heilt nede på ein skuffande tiandeplass.
– I dag blei det éin bom for mykje i tillegg til at kroppen var tung. Avslutninga er grei og følelsen er god på sisterunda, så eg heng ikkje med hovudet. No ser eg fram til jaktstarten, slår ho fast.
Berger gjekk i mål 33,8 sekund bak gullvinnar Kuzmina.
Meiner Berger kunne tatt medalje
– Det er godkjent på ståande, men eg hadde trudd Tora skulle gå fortare. Liggande er langt frå perfekt, meiner NRK-ekspert Liv Grete Skjelbreid Poirée.
Den tidlegare skiskyttaren meiner Berger hadde blanda seg inn heilt i tet på ein betre dag.
– Sølv og bronse burde vore innanfor rekkevidd i dag. Det som overraskar mest er at ho med éin bom burde vere nærare teten. Spesielt når løparar som Oberhofer og Bescond er framfor, seier Skjelbreid Poirée etter løpet.
– Dette var skuffande når vi ser kven som er framfor. Ingen av dei norske leverer nær optimalt i dag, meiner NRK-ekspert Liv Grete Skjelbreid Poirée.
Tiril Eckhoff blei nest best av dei norske på 18.-plass med éin bom. Ann Kristin Aafedt Flatland bomma også éin gong og blei nummer 24. Synnøve Solemdal måtte ut i to strafferundar og enda på ein svært skuffande 35.-plass.
– Bommar grovt!
For Tora Berger opna OL på verst mogleg vis. Vel inne på første skyting heldt publikum pusten, men:
– Tora bommar grovt ned høgre!, sa NRK-ekspert Ola Lunde etter første skot.
Dei fire neste blinkane gjekk i kvitt, men konklusjonen var enkel:
– Det var ein rufsete serie av Tora Berger, sa NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith.
Den neste serien måtte inn om Berger skulle ha sjanse på ein medalje. Det blei fire skot rett ned, men i sporet gjekk det ikkje raskt nok.
– Ho såg ut til å vere for spent. Akklimatisering til høgda skal vere i orden, fortel NRK-ekspert Liv Grete Skjelbreid Poirée.
Berger sjølv ser no fram til jaktstarten.
– Der er det moglegheiter. I dag skyt mange fullt, medan eg bommar og ikkje har dagen i sporet. Ein må ha dagen om ein skal få det til, seier Berger til NRK.
– No blir det ein roleg treningsdag, og så prøver vi på nytt på jaktstarten, legg ho til etter tiandeplassen.
Sjå heile resultatlista under: