Hopp til innhold

Grøvdal prega av skaden – men VM er ikkje i fare

Karoline Bjerkeli Grøvdal greidde ikkje å halde tårene tilbake etter sjuandeplass på 1500-meteren i lag-EM i Vaasa. Hamstringsskaden blei for vond.

Karoline Bjerkeli Grøvdal slet med strekk og endte på 7. plass i lag-EM i Vasa.

SKUFFA: Karoline Bjerkeli Grøvdal felte nokre tårer etter at ho kjende til skaden og hamna langt bak på 1500-meteren

Grøvdal var tydeleg hemma i innspurten, makta aldri å halde farten til dei beste, og fekk tida 4.18,24.

– Eg er nok litt prega av strekken eg har hatt, sa ho til NRK rett etter løpet.

Etterpå fekk ho ispose på hamstringen.

– Ein 1500 meter-spurt er ikkje det eg er mest van med, men eg hadde nok håpa eg hadde litt meir å gi på slutten. Men eg er vel litt redd for å dra opp strekken igjen, eg våga ikkje heilt å lite på at det skulle tole det.

Brukte tigerbalsam

Det var kjølig i Finland i dag, og Grøvdal smurde låret inn med tigerbalsam for å vere tryggast mogeleg.

Ho fryktar likevel ikkje at ho forverra skaden.

– Det er sikkert ikkje noko farleg. Men det sit inne i hovudet også, seier ho.

Grøvdal meiner skaden uansett er i ferd med å bli betre, men det heng litt igjen.

– Kva gjer du no framover for å bli kvitt skaden?

– Vi følgjer den planen som er lagt for resten av sesongen, sa Grøvdal, som etter planen skal delta i Diamond League-stemnet i Paris laurdag.

– Omtrent som venta

Karoline Bjerkeli Grøvdal trening

VM IKKJE I FARE: Karoline Bjerkeli Grøvdal meiner skaden er i ferd med å bli lega, og endrar ikkje planen for resten av sesongen. Det inneber VM i London i august

Foto: Harald Thingnes / NRK

Karoline Bjerkeli Grøvdal har hatt problem med låret tidlegare, og trekte seg frå Bislett Games for ei dryg veke sidan på grunn av ein strekk i låret. Der skulle ho ha sprunge 3000 meter hinder, men tok ikkje sjansen av risiko for å forverre skaden.

Derfor var det 1500 meter ho starta på i Finland i dag. Og det gjekk ikkje så bra.

– Ho kjende litt i låret no, seier lege Ove Talsnes.

Hen seier løpet var omtrent som venta: Roleg tempo i starten, litt knuffing undervegs og så ein spurt.

– Det er ikkje det gunstigaste for ein slik type skade. Vêrmessig var det heller ikkje gunstig. Det er neppe alvorleg, men ho stivna og fekk ikkje til noko godt løp.

Fryktar ikkje for VM

Talsnes meiner det ikkje er nødvendig å endre planane framover.

– Ein konkurranseplan er ein rammeplan. Det er alltid rom for mindre justeringar, så det må vi sjå på dei neste dagane.

– Vi såg tårene spratt. Er det noko vi bør vere redd for med tanke på det som skal skje seinare i sesongen?

– Nei, det trur eg ikkje. Men ho er ein internasjonal løpar med store forventningar til seg sjølv. Det er ikkje så rart ho er skuffa.

– Ingen VM-bekymring?

– Nei.

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal