Norge vann 28-19 og er klar for kvartfinale.
– Eg synest eg har bra redningar, seier ho beskjedent til NRK etter kampen. – Det var litt småfeil. Men vi har gjort ein god kamp, seier Grimsbø til NRK.
– Men 60 prosent?
– Super kamp, men vi må kjempe - det går ikkje heilt av seg sjølv. Eg har førebudd meg på vanleg måte, og vi jobbar godt saman. Eg var trygg bak forsvaret i kveld, og visste kvar skotea kom.
– Utanomjordisk klasse, sa NRKs kommentator Patrick Sten Rowlands om Grimsbøs spel.
Grimsbø stengde buret fullstendig i lange periodar. 60 prosent er i den absolutte verdsklasse. Ho redda 24 av Montenegros 40 skot i kampen.
Til samanlikning hadde ho 32 mot Spania og berre 21 mot Brasil. Mot Angola var Katrine Lunde førstekeeper, og var oppe i 45.
Men 60 i kveld, altså. Ho imponerte i første omgang med 53. Etter pause auka ho til 60, og sleppte inn berre åtte mål i den omgangen.
– Nesten umogeleg å tape
– Det var litt nervøst i starten, men med ei strålande Kari bakerst, var det topp, sa landslagsskjef Thorir Hergeirsosn til NRK.
Derfo er det nesten umulig å tape ein sånn kamp. Montenegro trur heller etterkvart ikkje på at dei kan vinne, og gir litt opp.
Man han er ikkje heilt nøgd.
– Det blei litt for sakte og litt for halvveis. Litt slurv og unøyaktig, og det irriterer meg litt, seier landslagssjefen.
– Men no skal vi nyte dette i kveld. Så skal vi jobbe fram mot neste kamp, vi har ein god del å ta tak i, sa Hergeirsson.
– Kva vil du ta tak i?
– Litt av kvart. I dag har vi eit topp målvaktspel, og forsvaret er også stort sett bra. Men vi må bli litt flinkare til å leike med tempoet – å setje det ned for så å setje det opp igjen. Vi får ikkje utnytta farten vår kansimalt utan det, seier landslagssjefen til NRK.
– Nokon spelarar brenn også for mange sjansar.
Neste kamp er mot Romania søndag. – Det blir godt å møte eit rumensk lag som er på veg oppover, seier han.
– Maktdemonstrasjon
Grunnlaget for sigeren blei lagt då Norge gjekk frå 5-5 til 13-6 på ti minutt midt i første omgang. Ved pause leia Norge 16-11.
Derfor var andre omgang plankekøyring. Grimsbø plukka ned skot etter skot frå Montenegro, og i andre enden scora Nora Mørk og Veronica Kristiansen jamnt og trutt. Montenegro kom aldri innan rekkevidde, og sigeren var aldri trua.
– Ein maktdemonstrasjon, sa NRKs ekspert Øystein Havang.
Nora Mørk scora 6 av Norges mål, Veronica Kristiansen 5.