Heimelaget kom best i gong. Saul Niguez fann Antoine Griezmann med eit flott innlegg, og franskmannen heada Atlético i føringa etter ein dryg halvtime. Stillinga til pause var 1–0 til heimelaget, i ein omgang der dei hadde kontroll på kampen.
Etter kvilen måtte Barcelona score for å ta seg vidare til semifinalen, og dei kom meir med i kampen med fleire sjansar. Men eit hardtarbeidande og defensivt trygt heimelag sto i mot Barcelona, som aldri klarte å skape dei største sjansane.
Hands og straffe
Mot slutten av kampen kom Atlético på ein kontring med Filipe Luís, og i det han skulle slå ballen over til ein umarkert Griezmann, stoppa Andrés Iniesta den med handa.
Straffe til heimelaget og nok ein gong var det Griezmann som noterte seg på scoringslista. Barcelona-keeper Marc-André ter Stegen gjekk rett veg, men var akkurat ikkje lang nok til å nå ballen.
Inn i overtida var det Barcelona som ropte på straff, etter at eit skot frå Iniesta gjekk i armen på ein Atlético forsvarar. Dommaren dømte frispark på 16-meter streken, men reprisen viste at handsen skjedde inne i 16-meteren.
Atlético tok også leiinga i bortekampen, men den gongen snudde Barcelona til 2–1 siger etter scoringar av Luis Suárez.
I den andre kampen spelte Benfica og Bayern München uavgjort 2–2 og med det er tyskarane klare for semifinalen. Det same er Real Madrid og Manchester City.