Hopp til innhold

Katrine Lunde er gravid og mister EM: – Men vil kome tilbake etter fødselen

Landslagssjefen presenterte EM-troppen der veteranane Frafjord og Mørk er tilbake.

Katrine Lunde

GRAVID: Katrine Lunde ventar sitt andre barn, og er derfor ikkje med i EM-troppen

Foto: John Randeris/scanpix Ritzau / NTB

Lunde offentleggjorde nyheita om graviditeten sjølv på Instagram ein halvtime før troppen blei kjent. Dermed blir Silje Solberg og Emily Stang Sando Norges målvakter.

Ho fortel at terminen er tidleg i juni.

– Eg er veldig glad, og vil kome tilbake og spele topphandball etterpå, seier Lunde til NRK. Ho skal halde fram med å trene, og ser korleis kroppen reagerer framover. Lunde har kontrakt med Vipers til 2023.

Vil halde fram, men OL kjem for tidleg

– Eg har absolutt lyst til å spele meir etter fødselen.

– OL i Tokyo?

– Det kjem nok litt for tidleg etter fødselen, seier ho om leikane i Tokyo som opnar 23. juli.

Ho vedgår at det var vanskeleg å halde på løyndomen fram til EM-troppen skulle takast ut.

– Det er ei god nyheit, så eg hadde lyst til å fortelje det, seier ho.

– Men det er litt blanda kjensler likevel, fordi eg hadde verkeleg sett fram til å få spele meisterskap igjen. Det må vere lov til å seie det og. Men eg er veldig glad no, legg ho til.

På førehand var Katrine Lunde rekna som sikker i troppen. Den 40 år gamle veteranen har 7 gull, 4 sølv og 2 bronse i meisterskap.

To andre veteranar er derimot tilbake etter meisterskapspause. Marit Malm Frafjord og Nora Mørk får nøkkelroller i EM. Dei to har ikkje spela meisterskap på høvesvis fire og tre år.

– Vi har ein god miks av erfaring og ungt pågangsmot. Vi stiller med eit lag som er svolte på edelt metall siste søndagen før jul, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson.

Håndball Golden League: Danmark - Norge (21-28)

OPTIMIST: - Vi skal kjempe i toppen, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson, som for første gong på lenge har hatt nesten alle dei beste spelarane tilgjengeleg

Foto: Bo Amstrup / NTB

– Det er sjølvsagt ei større utfordring å ta ut laget når vi har så mange gode spelarar tilgjengelige. Det er lenge sidan sist. Det gjer konkuransen tøffare og mange fleire faktorar å vurdere, utdjupar Hergeirsson overfor NRK.

– Kor mykje svekkjer det laget at Katrine Lunde ikkje er med?

– Vi skulle gjerne hatt med alle dei beste spelarane, men er først og fremst glade på Katrines og hennar families vegne, seie landslagssjefen.

– På målvaktsplassen kjenner vi oss rimeleg trygge med Silje Solberg og Emilie Sando, og Rikke Granlund som reserve.

Han seier at han har tenkt mykje på korleis forsvarsspelet skal forsvarast. Der har det svikta i dei to siste meisterskapa.

– Så gjeld det også å ha spelarar med ulike ferdigheiter som kan spele på ulike ting.

– Nesten alle dei beste er tilgjengelege

Nora Mørk

TILBAKE: Nora Mørk f¨r sitt første meisteskap sidan 2016

Foto: Vidar Ruud / NTB

Han seier at konkurransen for å kome med i troppen i år, har vore hard.

– Nesten alle dei beste jentene er tilgjengelege for landslaget no. Slik var det ikkje før dei siste to meisterskapa, seier landslagssjefen.

NRKs ekspert Geir Oustorp synest troppen verkar sterk.

– Då snakkar vi primært om folk som Veronica Kristiansen, Henny Reistad, Nora Mørk og Marit Malm Frafjord. Då har vi eit lag som kan kjempe om tittelen.

– Er vi favorittar?

– Vi er blant favorittane, sjølv om vi har bomma dei to siste meisterskapa. Vi skulle nok hatt med Katrine Lunde, men så lenge ho er i lykkelege omstende, skal ho få lov å konsentrere seg om det.

Lunde sjølv trur det er ein sterk tropp Norge sender til EM, sjølv om ho ikkje får vere med.

– Det er lenge sidan sist Thorir kunne velje frå øvste hylle. Vi har kjempemange gode spelarar.

Kurtovic manglar

Oustorp saknar likevel eitt namn: Amanda Kurtovic.

– Men det er det heilt sikkert ei årsak til. Ho har spela lite i klubben sin Györ i det siste, det kan vere grunnen. Hergeirsson har derfor valt å ta med to reine høgrekantar, og Stine Skogrand på bakspelarposisjon, meiner Oustorp.

Hergeirsson forklarer.

– Amanda er ein av spelarane som held eit høgt nivå, men som ikkje kjem med. Det er andre som er betre i hennar oppgåver. Ho er ein god heimeverande reserve som heilt sikkert kjem til å stille opp om vi treng henne undervegs. Ho er frisk og rask, men har fått avgrensa med speletid i Györ.

– Blir vanskelege å slå

– Kan de gå heilt til topps?

– Får vi ut det beste i troppen vår, så blir vi vanskelege å slå

– Dette er ein gjeng som kan gå heilt til topps, supplerer Tonje Larsen. Den tidlegare landslagsstjerna med 14 meisterskap bak seg er med i trenarteamet for første gong.

EM skal etter planen opne i Trondheim 3. desember, men det er framleis uvisst om det blir noko av på grunn av smittevernreglane.

Oustorp håpar det går som planlagt.

– Vi det er godt det skjer noko i samfunnet vårt, så vi slepp å prate berre om korona og alt som er dårleg, seier Geir Oustorp.

Her er troppen

Desse skal representere Norge i EM i desember:

1 Emily Stang Sando, Bietigheim
2 Henny Ella Reistad, Våg
3 Emilie Hegh Arntzen, Våg
4 Veronica Kristiansen, Györ
5 Marit Malm Frafjord, Esbjerg
6 Heidi Løke, Våg
7 Stine R Skogrand, Herning-Ikast
9 Nora Mørk, Våg
10 Stine Bredal Oftedal, Györ
11 Malin Aune, Våg
12 Silje Solberg, Györ
13 Kari Brattset Dale, Györ
20 Marit Røsberg Jacobsen, Esbjerg
23 Camilla Herrem, Sola
24 Sanna Solberg, Esbjerg
25 Kristine Breistøl, Esbjerg

Reservar er 8 Silje Waade, Våg, 16 Rikke Granlund, Esbjerg, 21 Ingvild Bakkerud, Herning-Ikast, 26 Marta Tomac, Våg

Siste nytt

  • Røiseland går ikke verdenscup før jul

    Skiskytterforbundet bekrefter i en pressemelding at Marte Olsbu Røiseland fortsatt sliter med helsa, og er ute frem til januar.

    Det er en beslutning som er tatt i samråd med helse- og trenerteamet.

    – Dette er så klart veldig kjedelig, og ikke noe jeg ønsker. Jeg har aller mest lyst til å konkurrere sammen med resten av laget. Men kroppen er fortsatt ikke der den skal være, og helsa er tross alt viktigst. Fokuset mitt er å stille sterkt i VM og da må jeg ta den tiden jeg trenger, sier hun i pressemeldingen.

    Røiseland har siden midten av september slitt med helseproblemer, nærmere bestemt helvetesild.

    I et intervju med NRK i slutten av oktober sa skiskytterprofilen at det var usikkert når hun kan konkurrere igjen.

    – Jeg vet ikke hundre prosent når kroppen vil fungere igjen, selv om jeg har troen på det. Det har jeg ikke fått testet ennå. Den uvissheten har vært vanskelig i høst, sa Røiseland.

    Marte Olsbu Røiseland
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Saudi-Arabia eneste kandidat til å arrangere asiamesterskapet i 2027

    India har trukket sitt kandidatur, og igjen står kun Saudi-Arabia til å arrangere asiamesterskapet i fotball 2027.

    Det asiatiske fotballforbundet (AFC) opplyser at India har trukket seg ut av kampen om å arrangere mesterskapet. Det kom ikke fram noe informasjon om hvorfor.

    Saudi-Arabia har vunnet turneringen, som arrangeres hvert fjerde år, tre ganger. De har aldri før vært verter for mesterskapet.

    Kongressen i AFC i februar vil formelt kunngjøre Saudi-Arabia som arrangør.

    2023-mesterskapet vil avholdes i Qatar. Det skulle i utgangspunktet gått til Kina, men landet trakk seg på grunn av koronasituasjonen.

    Qatar vant den siste turneringen i 2019. Da ble turneringen avholdt i De forente arabiske emirater. (NTB)

    Abdulelah Al-Amri får gult kort
    Foto: Ricardo Mazalan / AP
  • Hovland klatrer på rankingen etter Bahamas-triumfen

    Golfstjerne Viktor Hovland hopper tre plasser på verdensrankingen og er nummer ni etter at han forsvarte tittelen i World Challenge-turneringen på Bahamas.

    Nordmannen, som endte 2021 på åttendeplass på rankingen , har passert Tony Finau, Collin Morikawa og Matt Fitzpatrick.

    De åtte plassene foran Hovland er uendret med Rory McIlroy på topp foran Scottie Sheffler og Cameron Smith.

    Søndag vant Hovland Tiger Woods' turnering på Bahamas foran Scheffler. Hovland vant også turneringen i fjor. Det er kun Woods og Hovland som har vunnet World Challenge to ganger på rad. Woods gjorde det i 2006 og 2007.

    Tittelen var Hovlands første siden han vant europatourturneringen i Dubai i januar og første i et PGA-felt på ett år.

    Hovlands bestenotering på rankingen er 3.-plass. (NTB)

    Bahamas Hero World Challenge Golf
    Foto: Fernando Llano / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Er Ola Lunde og fotball den perfekte kombinasjonen? 00:51
Neste