Hopp til innhold

Slik skal tennisforbundet rette opp igjen tilliten etter kaosvåren

Ein granskingsrapport viser til 45 ulike forbetringstiltak for å auke tilliten klubbane har til Norges Tennisforbund. Forbundet sjølv meiner dei har forbetringspotensial og set no i verk fleire endringar.

Paulsen

GENERALSEKRETÆR: Aslak Paulsen overtok som generalsekretær i Noregs Tennisforbund i april 2020.

Foto: Halvor Ekeland / NRK

– Vi gjer mykje bra, men så er det som alle andre organisasjonar alltids mogleg å bli betre, seier generalsekretær i tennisforbundet, Aslak Paulsen.

På forsommaren i fjor skreiv NRK og fleire andre medium om misnøye i tennisforbundet. Toppspelarane følte seg oversett, prioriteringane til forbundet vart kritiserte og bonusordninga til den tidlegare generalsekretæren vart kalla «direkte hårreisande».

– Det kom mange skuldingar mot tennisforbundet. Eg synest det var krevjande, men når du står i det så må du prøve å ta til oss den informasjonen som kjem, omarbeide han og prøve å komme styrkte ut på den andre sida, seier Paulsen.

– Hemmar utviklinga

Kritikken enda med ei ekstraordinær generalforsamling i forbundet. Enkelte kravde ei ekstern gransking, men ein landa i staden på ei løysing med ei intern evaluering.

Tennisting

EKSTRAORDINÆRT FORBUNDSTING: Sommaren 2020 bestemde tennistinget at ei arbeidsgruppe skulle sjå på korleis tennisforbundet kan forbetrast.

Rett før påske kom rapporten frå arbeidsgruppa. Der peikar dei på 45 konkrete forslag til tiltak for forbundet. Mellom anna korleis forbundet skal betre kommunikasjonen, endre prioriteringar og skape ein betre kultur i norsk tennis.

«På ei side har NTF i løpet av seinare tid utvikla fleire velfungerande konsept som norske tennisklubbar er godt fornøgd med. På ei anna side finst fleire utfordringar som tilsynelatande hemmar utviklinga av både breidde og topp, mellom anna knytt til geografi, ressursar, organisering og kultur», står det i rapporten.

– Dei (tiltaka som er foreslått, journ.anm.) skal vi sjølvsagt sjå på og gjere prioriteringar rundt i styret. Så vil vi bruke den rapporten internt i ny strategi- og handlingsplan som kjem i 2022, seier Paulsen.

Spent på oppfølginga vidare

Melanie Stokke og Malene Helgø var blant dei som var kritiske til satsinga på toppspelarar. Dei to er blant Noregs beste tennisspelarar. Torsdag trena dei saman i riksanlegget for tennis, saman med landslagstrenar Fredrik Løfven.

Stokke

SPENT: Melanie Stokke er spent på korleis tennisforbundet skal følte opp toppspelarane når dei igjen skal reise utanlands for å konkurrere.

Foto: Halvor Ekeland / NRK

– Eg har alltid trena i Spania og skjønte ikkje heilt korleis det skulle fungere her heime. Det var mykje frustrasjon rundt det med økonomien og støtta då eg kom heim, seier Melanie Stokke.

Stokke var så frustrert at ho sa ho skulle leggje opp, men gjennom sommaren var det noko som endra seg. Ho tok ein prat med trenaren sin, Tony Jønsson, og innsåg at ho framleis hadde lyst til å spele. Samtidig dukka det opp eit treningstilbod i regi av forbundet for landslagsspelarar i Oslo.

– Hittil har eg ikkje fått noko informasjon og svar rundt økonomien. Det einaste som har vorte betre er at vi har fått oppfølging på landslagstreningar og med ein dyktig trenar. Treninga har vorte mykje betre. Dei har gitt det opplegget der. Så er spørsmålet korleis dei skal følgje oss opp med sponsorstøtte når vi skal ut å reise, for det er der reisekostnadene blir auka. No får vi dette som gratistilbod, som er bra, men som toppspelar må vi ut, seier Stokke.

Helgø

FORNØGD: – Eg synest det er meir proft, meir oppfølging, seier Malene Helgø om satsinga til Noregs Tennisforbund.

Foto: Halvor Ekeland / NRK

Også Helgø er fornøgd med at dei no har eit profesjonelt opplegg på plass i hovudstaden.

– Det er klart det er ein fordel å kunne satse heime og ikkje trenge å reise til utlandet for å få bra trening og sparring. Når vi må reise til utlandet så kostar det veldig mykje med å betale akademi og sånn. At dei organiserer dette set eg veldig pris på, seier ho.

Har sett i verk endringar

Rapporten peikar mellom anna på at dårleg og uklar kommunikasjon over tid har ført til svekt tillit til forbundet.

«Det er behov for betre prosessar rundt vegval og utforming av strategi- og handlingsplanar. Vidare vil auka grad av dokumentasjon og openheit bidra til å auke tilliten til NTF med omsyn til mellom anna tilleggsarbeid og habilitetsspørsmål», står det i rapporten.

Nokre endringar er allereie sett i verk, ifølgje forbundet. I tillegg til organiserte landslagstreningar opplyser forbundet at dei jobbar med ein betre spelarutviklingsmodell, betre kommunikasjon og ein ny strategiplan for norsk tennis.

– Du må gjere prioriteringar ut frå ein avgrensa pott du skal fordele. For å konkretisere ein ny modell no vil vi gjerne ha med klubbane slik at det er konsensus om at dette er vegen å gå. Alle skal få seie sitt og meine noko, så skal vi klare å forankre det på tinget til slutt, sånn at vi får ein langsiktig og berekraftig modell, seier Paulsen.

Siste nytt

  • Svensk tennisprofil gjør helomvending – varsler comeback etter dopingutestengelse

    Den svenske tennisspilleren Mikael Ymer la opp etter at han ble utestengt i 18 måneder for brudd på dopingreglene i juli i fjor. Nå åpner han for comeback.

    – Jeg har bestemt meg for å legge opp som profesjonell tennisspiller. Takk alle sammen for fantastiske minner! For en reise det har vært! Jeg ønsker alle mine gamle kollegaer lykke til videre, skrev han på X i slutten av august 2023.

    Ymer ble måneden før utestengt i 18 måneder for å ha misset tre dopingtester i løpet av ett år. Da var han rangert som verdens 51. beste tennisspiller på herresiden.

    Ymer mente selv at utestengelsen var urettferdig og forklarte at han aldri har brukt eller vært mistenkt for å bruke et ulovlig middel.

    Nå kan det imidlertid se ut til at svensken skal gjøre comeback på tennisbanen.

    – Pensjonisttilværelsen var kjedelig, sees om åtte måneder, skriver han på X.

    Det var Idrettens voldgiftsrett (CAS) i Lausanne som landet på 18 måneders utestengelse av svensken. (NTB)

    Britain Wimbledon Tennis
    Foto: Kin Cheung / AP
  • Tre norske skyttere i finalen i OL-kvalfiseringen i Rio

    Jon-Hermann Hegg, Synnøve Berg og Jeanette Hegg Duestad skal skyte finale på 10 meter luftrifle i OL-kvalifiseringen i Rio de Janeiro.

    Jon-Hermann Hegg ble først finaleklar etter 3.-plass i kvalifiseringen med 632,0 poeng. Hegg har kvoteplass fra tidligere og kjemper ikke om dette i finalen.

    Synnøve Berg er en av bare fire finalister som kan ta en kvoteplass i finalen for kvinne. Jeanette Hegg Duestad har fra tidligere, det samme gjelder franske Oceane Müller, mens Iran har fylt opp kvoten med to plasser så derfor er deres to finalister er heller ikke med i kampen om flere kvoteplasser.

    Jeanette Hegg Duestad best av alle i kvalifiseringen med 633,6 poeng. Synnøve Berg ble overraskende nummer fire med 631,3 poeng etter å ha ledet etter at ett av to lag hadde skutt. Pernille Nor-Woll gjorde også en god konkurranse og ble nummer 19 av de 102 deltakerne med 628,5 poeng.

    Det er to kvoteplasser til OL i Paris som deles ut etter finalen. Berg skal kjempe med Manon Herbulot fra Frankrike, Marlene Pribitzer fra Østerrike og Eszter Mezaros fra Ungarn om plassene. (NTB)

    Sommer-OL i Tokyo 2021
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Chelsea-stjerner kranglet heftig om straffespark: – Voks opp!

    Cole Palmer scoret fire mål da Chelsea knuste Everton på hjemmebane. Likevel var det scenene i forkant av straffesparket til 5–0 som ble snakkisen etter kampen.

    Noni Madueke grep bestemt tak om ballen etter at dommeren pekte på straffemerket. Deretter prøvde lagkompis Nicolas Jackson å melde seg på i kampen om å få ta straffesparket.

    Palmer har vært Chelseas faste straffetaker denne sesongen, og i lang tid ble stjernene stående ved 11-metersmerket å krangle om hvem som skulle ta den.

    – Jeg har aldri sett noe lignende. Voks opp! sa tidligere Arsenal-spiller Alan Smith hos Sky Sports.

    – Det er bare dumt å se på. Ordentlig dumt. Når du leder 5-0, har spilt sesongens kanskje beste kamp og har en spiller som har scoret hattrick. Da klapper du bare igjen brødsaksa og lar han ta straffesparket. Dette er pinlig, sa Viaplays ekspert Lars Tjærnås.

    Til slutt grep Conor Gallagher inn og ga ballen til Palmer, som en siste gang dyttet Madueke bort.

    Oppstyret til tross, Palmer satte sikkert inn sitt fjerde mål for kvelden og 20. sesongen. Dermed tangerer han Erling Braut Haaland på toppen av toppscorerlisten i Premier League.

    Jackson og Alfie Gilchrist scoret Chelseas to andre mål i 6-0-seieren over Everton, som bare et to poeng over nedrykksplass. Chelsea er tre poeng bak en plass som gir spill i Serieligaen kommende sesong.

    Premier League - Chelsea v Everton
    Foto: Andrew Couldridge / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal