Granerud, som sist helg tok sin aller første verdscupsiger, vann i den russiske hoppbakken. Han låg på andreplass etter første omgang, langt bak Marcus Eisenbichler. Men Granerud makta 132 meter trass vanskeleg forhold.
Då Eisenbichler bomma totalt i finalen, vann Granerud med over 14 poeng til nummer to, Daniel Huber.
Med siger nummer to på rad har Granerud også teke leiinga i verdscupen samanlagt.
Sjå Graneruds sigershopp her:
Robert Johansson kom på tredjeplass etter eit giga-hopp i finaleomgangen.
Han fekk dårlege forhold i første omgang, og hoppet på 120,5 meter heldt berre til 25.-plass.
Så smelte han til med ny bakkerekord på 142,5 meter i finaleomgangen. Tre av dommarane gav 19,5 for hoppet.
– Det var rått. Bakkerekord, og også med skikkeleg nedslag, seier landslagssjef Alexander Stöckl til NRK om Johanssons hopp.
– Og Halvor er skikkeleg stabil på eit høgt nivå, legg Stöckl til.
Landslagstrenaren seier at det var ujamne og krevjande forhold under rennet.
– Spesielt mot slutten av rennet var det vanskeleg. Halvor hadde ikkje lette forhold, men greidde likevel 132 meter. Markus Eisenbichler var frykteleg uheldig, seier Stöckl om mannen som leia klart etter første omgang, men som berre fekk 80 meter i den andre.
– Men slik er det i hopprenn. Robert fekk bra forhold i andre omgang, men var uheldig med vinden i første hoppet. Vêret kan vi ikkje gjere noko med, seier ein glad landslagstrenar på telefon frå Russland.
Den eine etter den andre bomma i rennet, som gjekk under svært vekslande vindforhold. Eisenbichler leia med over 11 poeng etter første omgang, men mislykkast heilt. Dermed var det klart for norsk første- og tredjeplass.
Hoppsjef Clas Brede Bråthen jublar over ein stor norsk hoppdag.
– Skihopp er ein fantastisk fin idrett for dei som er glade i spenning. Halvor vinn igjen, og Robert hoppar seg opp frå 25.-til tredjeplass med bakkerekord, nedslag og flotte stilkarakterar. Halvor tar over leiinga i verdscupen. Dette var ein av dei store norske hoppdagane, seier Bråthen til NRK.
Daniel Andre Tande blei nummer 18, Sander Vossan Eriksen 19, Johann André Forfang 20 og Marius Lindvik 26.
Det skal vere nytt verdscuprenn i den same bakken søndag.