Hopp til innhold

Granerud fryktar koronaen skadar karrieren

Sju veker etter at Halvor Egner Granerud fekk påvist korona er han framleis ikkje tilbake i toppform. No er han redd at seinskadar skal påverke idrettskarrieren.

Halvor Egner Granerud

KORONA: Halvor Egner Granerud er redd for seinskadar etter at vart smitta med korona under VM på ski tidlegare i vinter.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Eg er litt usikker på om det er korona eller dårleg form. Det har vore ein lang sesong. Då er det umogeleg og behalde trykket på treninga heile tida. Men eg kjenner jo at eg er i dårlegare form enn det eg skulle ønska, seier 24-åringen til NRK.

Vi møter verdscupvinnar Halvor Egner Granerud i Holmenkollen i Oslo. Etter at han kunne hente heim verdscupkula i Planica i palmehelga har han vore i karantene heime i Trondheim.

Akkurat no nyt han nokon feriedagar hjå familien i Asker. Mor og far har han ikkje møtt sidan NM i oktober.

Han har så smått fått teste forma med sin nye hobby orientering.

Granerud med verdscupkula

VERDSCUPEN: Halvor Egner Granerud vann verdscupen i år, men kjenner seg framleis ikkje i toppform etter at han var korona-sjuk.

Foto: JURE MAKOVEC / AFP

– Eg er litt sånn at eg prøver å finne ut av ting i forhold til kroppen, fortel han.

Lege ved Olympiatoppen, Thomas Torgalsen, jobbar med å følgje opp toppidrettsutøvarar som har hatt korona.

– Det vanlegaste problemet etter covid-19 er manglande energi og at man orkar mindre enn tidlegare. Normalen er man kjem tilbake i sin normale form, men det vil ta lengre tid enn med ein vanleg influensa.

Nervøs for at det kan skade karrieren

Det slo ned som ei bombe, då storfavoritten Granerud testa positivt for korona under VM i Oberstdorf i mars. Dette berre to dagar før han skulle kjempe om gull i storbakken.

Dermed måtte han bu resten av meisterskapet isolert på eit lite hotellrom.

No er han redd sjukdommen skal gi seinskadar som kan prege den vidare karrieren.

– Det er jo noko eg er nervøs for. Sånn sett var tidspunktet eg fekk det på gunstig. Eg ville komme i så god form som mogeleg til Planica, meg eg hadde alt vunne verdscupen, så Planica var ikkje så viktig.

Må vere tolmodige

Alle toppidrettsutøvarar som har vore sjuke, det vil sei at dei har vore sengeliggande med feber, får tilbod om oppfølging med lege av Olympiatoppen. Torgalsen, som også samarbeider med andre nasjonar og deira utøvarar, seier dei så langt ikkje har oppdaga seinskadar.

Thomas Torgalsen

LEGE: Thomas Torgalsen i Olympiatoppen arbeidar med å følgje opp utøvarar som har hatt korona i Noreg.

Foto: Olympiatoppen

– Det kan vere enkeltilfelle med alvorlege langtidsverknadar, men den generelle erfaringa er at det ikkje er vanleg. Vi er ikkje veldig bekymra. Eg vil heller sei at vi er ekstra på vakt og føl situasjonen tett.

– Er det grunn for Granerud å vere bekymra?

– Nei, eg meiner ikkje det. Eg meiner generelt det ikkje er bra for korkje idrettsutøvarar eller andre å gå rundt og vere bekymra. Det er all grunn til å vere optimistisk og at han kjem seg tilbake i toppform til neste sesong byrjar.

Siste nytt

  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP
  • Wrexham skylder kjendiseierne over hundre millioner

    League Two-klubben Wrexham, som eies av skuespillerne Ryan Reynolds og Rob McElhenney, skylder eierne rundt 9 millioner pund, opplyser klubben. Det tilsvarer drøyt 120 millioner kroner.

    Klubben holder til i Wales og ble kjøpt av skuespillerduoen i 2021. Siden fulgte en sportslig opptur, og laget blir fulgt i den Emmy-vinnende dokumentarserien «Welcome to Wrexham».

    Laget tapte semifinalen i opprykkskvalifiseringen i sesongen 2021/22, men rykket opp til League Two året etter. I skrivende stund ligger Wrexham på tredjeplass, med gode muligheter for å nå minst kvalifisering til League One, tredje nivå i engelsk fotball.

    Torsdag la klubben fram regnskapet for budsjettåret som sluttet i juni 2023. Der går det fram at klubbens omsetning har økt med 75 prosent til rundt 10,5 millioner pund fra 6 millioner pund, men at underskuddet samtidig vokste fra 2,9 millioner til 5,1 millioner pund.

    – Klubben er ikke under noe umiddelbart press for å tilbakebetale lånene på bekostning av framgangen vi ønsker å oppnå, skriver klubben.

    Videre opplyses det at det vil hentes inn ytterligere midler for å støtte opp om framtidige prosjekter.

    (NTB)

    QxUVtmMA_7A
    Foto: AP
  • Tøff start for norske golfere

    Golfprofilen Kristoffer Ventura fikk et tungt comeback på PGA-touren og ligger på 113.-plass etter første runde av Houston Open.

    Etter én ferdigspilt runde i Houston ligger han tre slag over par og ni slag bak Taylor Moore og Wilson Furr, som deler førsteplassen.

    Det gikk ikke bedre for Celine Borge i LPGA-turneringen i Arizona. Borge gikk sin åpningsrunde ett slag over par.

    Det gir en foreløpig 123.-plass, nesten 60 plasser bak den forventede cuten.

    (NTB)

    it7lekDvsTU
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal