Hopp til innhold

Granerud avslørar krisegrep etter fiaskoen: «Dette må eg få eit svar på»

På veg frå sletta etter si andre mislykka kvalifisering i helga, innsåg Halvor Egner Granerud at noko måtte gjerast. Dermed vart heile støtteapparatet sett i sving for å finne ein plan.

Verdenscup i Ruka

LA EIN PLAN: Medan dette biletet vart teke la Halvor Egner Granerud planen om korleis han skal slå tilbake etter den skuffande helga i Ruka.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Ei samla hoppverd vart overraska då den regjerande samanlagtvinnaren av verdscupen ikkje klarte å kvalifisere seg til nokon av helgas renn.

Både i kvalifiseringa fredag og søndag var ikkje Granerud til å kjenne igjen, og landa på kulen. Internasjonale aviser skildra det som ein fiasko og sjølv var han skuffa.

På veg frå hoppsletta til TV-intervjua bestemde Granerud seg:

«Dette må eg få eit svar på».

Kort tid seinare tok Granerud kontakt med støtteapparatet. Planen var klar: Han ville bli igjen i Ruka for å finne årsaka bak den skuffande helga.

– Eg sende melding til Alexander (Stöckl) og nemnde det for Clas Brede (Bråthen) og dei andre at eg hadde lyst til å bli igjen. Bakken skulle eigentleg vere stengt, men Alex trefte på riktig dame. Ho opna bakken for meg måndag og vi fekk utsett avreisa ein dag, fortel Granerud til NRK heime i Trondheim.

– Har fått fleire svar

Trenar Andreas Vilberg vart igjen saman med Granerud og med hjelp av to norske prøvehopparar fekk dei køyrt opp spor slik at bakken var klar til trening.

Saman fekk dei jobba godt med teknikken og fann årsaka til den overraskande svake hoppinga.

– Eg fekk stadfesta overfor meg sjølv at det er enkle ting i helga som fekk store konsekvensar. Når eg ikkje gjer dei feila er eg ein veldig god skihoppar. Og så er det berre om å gjere og vere flink nok, grundig nok i alt ein gjer til å gi seg sjølv moglegheita til å vinne, fortel Granerud.

– Kvar står du no?

– Mentalt er eg litt usikker, men eg kjenner at eg står ganske normalt. Får eg gjort tinga mine, så har eg relativt nyleg fått stadfesta at eg er vanskeleg å slå, sjølv om det er litt vanskeleg å hugse no, innrømmer han.

Rapportane frå treninga måndag seier at Granerud hoppa betydeleg betre enn i helga. Det gir den regjerande samanlagtvinnaren ein tryggleik i fortsetjinga.

– Eg kjenner eg har fleire svar og ein betre ide om kva og kvifor ting skjer. Har ein kontroll på det kjenner eg det er enklare å gjere endringar og løyse ting på ein formålstenleg måte. Eg er mykje rolegare i kroppen no enn etter Nizjnij Tagil, sjølv om den helga gjekk mykje betre.

Sjå Granerud trene i Ruka her:

Verdenscup i Ruka

Sjølv om den nye omikron-varianten skaper bekymring, går talet innlagde på sjukehus over 65 år ned.

– Fleire ting irriterte

Landslagstrenar Alexander Stöckl har analysert video av treningsøkta på måndag og er godt fornøgd med svara han og Granerud fekk.

 Alexander Stöckl

VELDIG POSITIVT: Alexander Stöckl er godt fornøgd med jobben som vart gjord på den ekstra treningsdagen i Ruka.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Det ser heilt vanleg ut, han hoppar slik han pleier å hoppe på ski. Det var veldig positivt, seier Stöckl til NRK.

Saman har dei konkludert at det var mange ting som ikkje gjekk Graneruds veg i helga.

– Det er ei blanding. Han meinte sjølv han var sliten etter Nizjnij Tagil og så var det fleire andre ting som irriterte. Han fekk mellom anna ikkje bagasje og fekk dermed ikkje trena som dei andre. Og så hadde han sjølvsagt problem med teknikken og var uheldig med vindforholda, forklarer landslagstrenaren.

NRKs hoppekspert Anders Jacobsen meiner det var ei klok avgjerd å bli igjen og trene i den same bakken som han mislykkast i.

– Det var nok lurt av Granerud, og vi må rose ein fyr som blir igjen i Finland når dei andre dreg heim. Han kjenner nok at det var litt smårusk og noko uvisse, men han viser ein iver etter å finne tilbake og vi må ikkje gløyme at han vann førre helg, seier Jacobsen.

Ski Jumping World Cup

SLITEN: Forventningane som kom etter at Halvor Egner Granerud vann verdscupen samanlagt i fjor tok mykje krefter i oppkøyringa.

Foto: SRDJAN ZIVULOVIC / Reuters

– Eg var sliten

Granerud meiner sjølv at forventningspresset på han før sesongen har hatt ein innverknad. For første gong har han hatt noko å forsvare, og det har kosta krefter.

– Eg var sliten i Ruka. Det har vore åtte månader med usannsynlege forventningar om at ting skal halde fram med å vere like bra som i fjor. Eg veit kor mykje eg har jobba for den sesongen i fjor, og kor mykje eg har jobba fram til sesongstart. Eg var ordentleg ferdig etter den første helga, men no kjenner eg meg pigg og klar igjen, fortel Granerud.

– Vart forventningane litt mykje?

– Eg trur det var noko av grunnen til at utladinga frå Nizjnij Tagil vart så stor som den vart. Når ein kjem brått og slår gjennom får ein høyre veldig ofte at det er ingen som klarer å følgje opp, seier han og held fram:

– Då eg starta sesongen med tredje- og førsteplass kjendest det litt som ein langfinger til alle, men så enda eg jo opp med å gi ein klem til alle kritikarane i staden, avsluttar Granerud med eit lite smil om munnen.

Fredag hoppar Granerud og dei andre hopparane i polske Wisla. Om Granerud gir ein langfinger eller ein klem til kritikarane kan du sjølvsagt følgje på radio NRK Sport.

Siste nytt

  • Vålerengas stortalent forsvinner fra klubben

    Stian Solberg (18) bidro til å sende Vålerenga til NM-finalene i ishockey, men nå er stortalentet tapt for Oslo-klubben. Solberg har signert en toårskontrakt med den svenske SHL-klubben Färjestad.

    Solberg sier han takket nei til et tilbud fra Färjestad i fjor.

    – Jeg følte ikke at det var riktig tid. Jeg har hatt et bra år denne sesongen, så jeg føler egentlig at det er helt perfekt å dra i år, sier Solberg til NRK.

    Vålerengas sportsdirektør, Anders Myhrvold, sier han overtalte Solberg til å bli værende i fjor.

    – Siden har han utvikla seg til å bli eliteseriens beste back. Han har alle egenskapene som skal til for å spille i NHL i framtida, sier Myhrvold.

    Til sommeren vil også verdens beste ishockeyklubber kjempe for å sikre seg Solberg under den såkalte NHL-draften.

    Der vil én av NHL-klubbene mest sannsynlig sikre seg rettighetene til Solberg i fire år, en slags opsjon som gir dem mulighet til å hente nordmannen når som helst.

    – Han er en ambisiøs, ung spiller som det prates om i forbindelse med NHL. Han kommer til å bli valgt av en NHL-klubb i år, det er hundre prosent sikkert, sier Färjestads sportsdirektør, Rickard Wallin.

    Men selv om en NHL-klubb trolig sikrer seg rettighetene til Solberg til sommeren, vil han etter alt å dømme spille for Färjestad en stund framover.

    – Vi skal støtte Stian med å bli proff i Sverige før vi prater om neste steg, som er spill i Nord-Amerika, sier Wallin.

    Färjestad vant grunnserien i SHL forrige sesong, og regnes blant Sveriges beste lag.

    – Jeg elsker Vålerenga, men det blir gøy å prøve noe nytt og spille for en enda større klubb, sier Solberg til NRK.

    Solberg og Vålerenga tapte NM-finalene mot Storhamar tirsdag kveld.

    Stian Solberg jubler
    Foto: NTB
  • Bekrefter friplass til Johaug: Klæbo sikker på VM-deltakelse for skilegenden

    Therese Johaug var ikke til stede da langrennslandslagene for kommende sesong ble presentert i Holmenkollen onsdag.

    35-åringen trenger imidlertid bare å slå på tråden og si «Jeg vil være med».

    Landslaget gir Johaug en friplass om hun finner motivasjon og bestemmer seg for å satse.

    – Dersom Therese utover våren bestemmer seg for at hun satser 100 prosent inn mot VM i Trondheim, så skal hun selvfølgelig inn på laget der, sier landslagssjef Ulf Morten Aune.

    Landslagsledelsen har ikke satt en endelig frist for når Johaug må bestemme seg:

    – Men den fristen er ganske naturlig. Det kan ikke bli høst og jul før Therese bestemmer seg, men det skal hun få lov til å gjøre helt på fritt grunnlag, sier Aune.

    Johannes Høsflot Klæbo møtte på Johaug på trening i morgentimene. Han mener at skilegenden ser sprek og motivert ut, og er skråsikker på at de begge går VM i Trondheim.

    – Hun kommer til å gå VM, det er jeg helt sikker på. Hun kommer til å stå på startstreken der. Så spørs det om hun skal være med på noe mer før den tid, sier Klæbo til NRK.

    Se hele landslagsuttaket her.

    NM ski Nordiske grener Lillehammer
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Guardiola bekrefter: Haaland mister Premier League-oppgjøret mot Brighton

    Manchester City-trener Pep Guardiola må klare seg uten spydspiss og Premier League-toppscorer Erling Braut Haaland i torsdagens nøkkelkamp borte mot Brighton.

    Det opplyste spanjolen på en pressekonferanse onsdag ettermiddag.

    Haaland var i likhet med lagkamerat Phil Foden ikke til stede på tirsdagens trening. Nordmannen var heller ikke med i helgens FA-cupsemifinale som endte med 1-0-seier over Chelsea. I kampen i forveien, Mesterliga-nederlaget mot Real Madrid, måtte nordmannen ut med en skade.

    Manchester City er i førersetet i Premier League og møter Brighton torsdag kveld. De lyseblå ligger fire poeng bak Arsenal på tabelltopp, men har to kamper til gode på rødtrøyene fra London. Opp til Liverpool på annenplass er avstanden ett poeng med én kamp mindre spilt.

    _g_QDc2r5f8
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal