Etter at UEFA bestemte seg for utsette årets fotball-EM for menn til sommaren 2021, har det vore svært usikkert kva som skjer med kvinnenes EM neste år.
Nå tek NFF til ordet for å lage ein felles fotballfest med to meisterskap neste år.
– For NFF er det ei sjølvfølge at kvinnefotball og herrefotball er like viktig. Alle skjønnar at UEFA gjer vanskelege vurderingar nå, men me håpar at det let seg gjere. Med dette brevet vil me gje eit signal til UEFA om at kvinnefotball og herrefotball er like viktig, seier fotballpresident Terje Svendsen til NRK.
Kan bli fotballfest neste sommar
Ifølgje den svenske fotballpresidenten har det europeiske fotballforbundet alt bestemt seg for å utsette kvinnenes meisterskap til sommaren 2022.
Viss rykta stemmer meiner landslagets Caroline Graham Hansen at det viser at UEFA prioriterer ned meisterskapet deira.
Caroline Graham Hansen meiner det vil bety mykje for sporten om ein ikkje flyttar EM for kvinnene til 2022.
Foto: Carina Johansen– Ein føler jo at ein vel å prioritere herrane framfor oss. Me forstår jo veldig godt at dei må flytte EM for herrane i sommar. Men det er tre månader i løpet av sommaren det er mogleg å spele EM. Og me skal ikkje spele same stad samtidig, seier Hansen og legg til:
– For vår del ser me på det som ein kjempemoglegheit til å sameine fotballen. Å kunne lage ein kjempefest neste sommar. Me håpar jo UEFA har lyst til å vere med på det.
UEFA har utsett årets EM for menn til perioden 11. juni til 11. juli neste år. Kvinne-EM skal i utgangspunktet gå frå 7. juli til 1. august i England.
Landslagsprofilen har vore med på å utarbeide forslaget i dag sende over. 25-åringen er glad for at Noreg tek initiativ.
– Eg synest det er kjempebra at fotballforbundet pushar på og hjelper til for å få til ei løysing som gagnar alle. Det hadde vore utruleg kult å kunne seie at Noreg skal til EM i 2021. Både me og herrane.
Caroline Graham Hansen brukar tida til å spele fotball i hagen. Noko faren ikkje er spesielt fornøgd med.
Foto: Harald Thingnes / NRKVeit ikkje når ho kan reise til Spania
Sjølv er Barcelona-proffen i heimekarantene heime på Tåsen i Oslo og får ikkje reist tilbake til Spania. Sidan det er portforbod der er det uvisst når ho får reise tilbake.
– Eg er fri til å gå ut å springe og eg får spelt fotball i hagen, så det går eigentleg ganske bra, fortel spissen.