Hopp til innhold

Grafen som viser skijentenes enorme utvikling

Charlotte Kalla vart best ikkje-norske i Tour de Ski, nesten åtte minutt bak Therese Johaug. Resultatlista viser korleis Norge seglar ifrå konkurrentane for kvart år som går.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Graf: Utvikling i kvinnenes Tour de ski» i nytt vindu

Grafikken over viser kor langt bak beste norske løpar var bak vinnaren i dei åra Norge ikkje har vunne Tour de Ski og kor lang bak beste utlending har vore bak vinnaren i åra vi har vunne.

– Det er ein kombinasjon av to faktorar. Den første er at det norske damelaget er betre enn nokon gong, og breidda i internasjonal langrenn var større då Tour de Ski vart oppretta, seier NRKs langrennskommentator, Torgeir Bjørn.

I årets Tour var Charlotte Kalla beste ikkje-norske utøvar med sin fjerdeplass, heile sju minutt og 45 sekund bak Therese Johaug.

Gjennom heile Touren har det blitt snakka om den norske dominansen, og differansane frå dei norske vinnarane og ned til beste utlending var rekordstor.

Johaug vinn fyrste Tour de Ski

HISTORISK: Therese Johaug blei den første norske vinnaren av Tour de Ski da ho var fyrst opp monsterbakken i 2014.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Store differansar

Som grafikken over viser faktaboksen at det berre var fire løparar på kvinnesida som var innanfor sju minutt og 45 sekund bak Johaug. Aldri før har det vore så store avstandar i samandraget i Tour de ski.

– Tour de Ski har jo endra litt på distansane og reglane for bonussekund opp gjennom åra, men avstanden er representativ for kor suveren Johaug har vore på distanserenn denne sesongen, seier Bjørn.

Også på herresida var det store differansar frå vinnar Martin Johnsrud Sundby ned til beste utlending, som kom i mål nesten fire minutt bak.

Bjørn

TRUR DET BLIR TETTARE: – Italia og til dels Tyskland har skuffa dei siste åra. Sverige, Finland og USA har spennande damelag på gong og vil kunne nærme seg dei norske i framtida, seier Bjørn på spørsmål om han trur den norske dominansen vil bli fortsette.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Superstjernene som forsvann

Men det er lett å gløyme at historisk sett har Norge slite med å gå til topps i Touren.

I år hadde Tour de Ski 10-års jubileum. Det har tatt dei norske utøvarane åtte forsøk og mange andreplassar i jakta på samanlagtsigeren, før Johaug og Sundby vann i 2014. Utøvarar frå Tyskland, Polen, Sveits, Tsjekkia, Russland, Finland og Sverige kunne jubla for samanlagtsiger, før Norge fekk sin første.

Gjerdalen på toppen i 08

BESTE NORDMANN: Tord Asle Gjerdalen blei beste nordmann i Tour de Ski i 2008 da han blei nummer fire. Lukas Bauer frå Tsjekkia vann.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– I kvinnelangrenn er det mange superstjerner som anten har lagt opp eller vore ein skugge av seg sjølv. Justyna Kowalczyk og Charlotte Kalla er ikkje på same nivå som før, medan Virpi Kuitunen har lagt opp, seier Bjørn.

Beste norske aldri har vore like langt bak vinnaren som det Kalla og Ustiugov var i år, men dei har dårlegare samanlagtplassering.

I 2008 var det ingen norske på pallen. Best av dei norske var Tord Asle Gjerdalen på fjerdeplass, nesten tre minutt bak vinnar Lukáš Bauer. På kvinnesida vart Kristin Størmer Steira beste norske på ein 11.-plass.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Langrennsgrafikk» i nytt vindu

Frå 2008-2010 hadde Norge tre år på rad utan ein einaste pallplassering på kvinnesida.

– Dei norske løparane tok nok ikkje Touren på alvor i starten og brukte lengre tid på å knekke Tour-koden enn dei utanlandske løparane, seier NRKs langrennsekspert, Fredrik Aukland.

Siste nytt

  • Norges håndballkvinner møter Danmark og Sverige i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og Sverige da trekningen for OL-turneringen i håndball for kvinner ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe A med Tyskland, Slovenia, Sverige, Danmark og Sør-Korea. (NTB)

    gaGQ0Njsuwg
    Foto: NTB
  • Berg sikret skytterne nok en OL-plass

    16-åringen Synnøve Berg imponerte med 3.-plass i finalen i OL-kvalifiseringen i 10 meter luftrifle og sikret dermed Norge kvoteplass i Paris-lekene i sommer.

    Berg var blant fire finalister i kvalifiseringen i Rio de Janeiro som kunne sikre en av to kvoteplasser, ettersom de øvrige fire finalistene – blant dem Jeanette Hegg Duestad – allerede hadde kvoteplass i boks.

    Det ble en spennende finale der Berg slo Duestad og gikk videre til runden som ville sikre henne minst 3.-plass. Hun sto da igjen mot den franske duoen Oceanne Müller og Manon Herbulot.

    Berg ble slått ut før siste runde, men 3.-plassen holdt ettersom Müller også hadde sikret kvoteplass tidligere. Müller vant foran Herbulot med 250,4 mot 249,4 poeng. Duestad ble nummer fire. (NTB)

    vIZOGv1o5NQ
    Foto: NTB
  • Foss fortsatt i ledelsen i Tour of the Alps

    Tobias Foss kom inn sammen med hovedfeltet på den andre etappen i Tour of the Alps tirsdag.

    Nordmannen vant åpningsetappen i rittet mandag og beholder ledelsen i sammendraget etter tirsdagens etappe.

    Den italienske veteranen Alessandro De Marchi vant etappen solo, mens også Patrick Gamper og Simon Pellaud kom inn før feltet.

    Foss ble nummer 13 på etappen, med Torstein Træen like bak på 23. plass.

    Rittet avsluttes fredag.

    Tobias Foss
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal