– Eg kjem ikkje til å reise på filmkveld med Fabian Riessle akkurat. Den feiden der kjem ikkje til å gje seg med det fyrste.
Jørgen Graabak blir tydeleg innbiten når temaet tyske konkurrentar kjem opp. Kaoset som avslutta førre sesong har vore stor motivasjon gjennom oppkøyringa i sommar og haust.
«Horeson» og «kjøpt og betalt»
– Duellen mot tyskarane motiverer meg i stor grad. Det hadde gjeve meg så mykje om eg kunne gå sistetappen mot Tyskland og knuse Riessle på sisteetappen.
Verdscupen i kombinert blei ikkje avslutta i stillheit i fjor vinter. I avslutninga Schonach kom konflikten mellom Noreg og Tyskland verkeleg til syne. Fyrst hamna Jørgen Graabak og Fabian Riessle i klammeri på oppløpet, dagen etter var det Eric Frenzel og Magnus Krog.
Begge dagar hagla protestane begge vegar, og TV-mikrofonane fanga attpåtil at Riessle kalla Graabak for «din vesle horeson». Landslagstrenar Bjørn Kåre Ingebrigtsen meinte FIS var kjøpt og betalt av tyskarane.
– Det har vore amper stemning med heile det norske og tyske laget, men spydspissane er nok meg og Riessle. Eg har ikkje noko forhold til han utanom løypa, men heilt sidan han kom inn i verdscupen har me hatt slåsskampar og småknuffing i feltet. Det toppa seg i Schonach med dei tinga han sa, det var ikkje særleg mandig, seier Graabak.
Tysk-TV utsette skiskyttar-VM
I målområdet i den tyske byen koka det verkeleg da tusenvis av tilskodarar meinte heimefavorittane blei hindra av Graabak og Krog.
– Det var styr på stadion da, dei heldt til om med igjen TV-sendinga i staden for å gå til skiskyttar-VM. Sjølvsagt er det artig med slikt trykk, og når tyskarane pip veit du at du har gjort noko riktig, flirer Graabak.
Når 25-åringen opnar PC-en kvar dag er også det ei kjelde til motivasjon.
– Som bakgrunn har eg eit bilete frå da eg ein sjeldan gong har blitt slått av ein tyskar i spurtduell. Rydzek slo meg i Granåsen rett etter OL og den stikk litt framleis.
Tyskland og Noreg dominerte totalt i verdscupen i fjor og vann alle renn bortsett frå eitt. I kombinert er det Tyskland som har rolla Norge har i langrenn.
– Kombinert er så stort i Tyskland, reklameinntektene og budsjettet deira galopperer etter suksessen. Me har ei stor utfordring med å fylgje dei på servicesida, men det er artig å sjå også, meiner Graabak.
I helga startar ein fem månader lang tysk-norsk landskamp som kulminerer med VM i Lahti i mars.