– Han klaga og kjefta, men det prellar berre av. Det var ganske ampert i målområdet, men Riessle har ingenting å klage på, seier Jørgen Graabak.
Både Norge og Tyskland la inn protestar etter at Fabian Riessle ramla etter å ha gått rett i Jørgen Graabak på oppløpet. Det var ikkje fyrste gongen tyskaren er innblanda i tumultar.
– Graabak er rett og slett ein arrogant mann, sier en irritert Riessle til den tyske avisa Badische Zeitung etter rennet.
Protesten blei avvist
– Det skjer alltid noko med Riessle. I Ramsau før jul burde han blitt diska. Og i OL i Sotsji takla han seg til bronsemedalje. Nå får han smake sin eigen medisin, seier Graabak.
På oppløpet hekta tyskaren staven i skia til Graabak og ramla berre nokre meter før målstreken. Men Norges ankermann i lagkonkurransen var aldri nervøs for at sigeren skulle ryke med protesten.
– Me la også inn protest for det er jo han som går inn i meg. Han gambla sikkert på at eg ville gje han plass da han kom opp på sida der, men det hadde eg absolutt ikkje tenkt til. Eg låg framfor da me skulle velje korridor, fortel 24-åringen.
– Spurten var dritdårleg
Sjølv klarer han ikkje heilt å glede seg over sigeren i lagkonkurransen. For spurten som er hans store forse, var ikkje god nok.
– Eg er forbanna på meg sjølv. Spurten var dritdårleg, eg er for passiv på starten av oppløpet og kålar det skikkeleg til i laussnøen. Det er utruleg unødvendig at det skal ende slik sidan resten av etappen eigentleg gjekk heilt etter boka, seier Graabak.
– Riessle såg ut til å ha større fart rett før han falt, hadde han tatt deg i spurten viss ikkje?
– Det er vanskeleg å seie. Starten på spurten var dårleg, men eg klarte å utlikne farten etter kvart. Det hadde nok blitt ein stillingskrig heilt til mål.
NRKs ekspertkommentator Fred Børre Lundberg var usikker på kven som hadde rett til å velje korridor da han fylgde den dramatiske innspurten.
– Den som er først inn på oppløpet får velge bane mot mål, men det er jo opp til juryen å bestemme kven som kom inn på oppløpet først, seier NRKs ekspert, Fred Børre Lundberg.
Nå lengtar Graabak berre etter ein ting i den siste verdscuphelga for sesongen. Sjølv om det blei norsk siger i dag, vil han revansje på hans store rival.
– Det var ein kjedeleg måte å vinne på i dag. Nå håpar eg berre å få ein tilsvarande situasjon i løpet av helga. Da skal eg vise kven som er sjefen, avsluttar ein innbitt trønder.
Om Graabak får sjanse til ny spurt mot Riessle ser du på NRK2 og nrk.no frå 13.25 i morgon. 11.25 startar hopprennet på same kanal