Hopp til innhold

Graabak med åtvaring: – Kan ikkje drite seg ut

Kombinertløpar Jørgen Graabak tykkjer det var lite stemning i ski-VM i Planica. No ber han norske skitoppar om å ikkje gå i den same fella med VM i Trondheim.

 Ski-VM 2023: Kombinert: langrenn 10 km for menn

SKUFFA OVER VM: Jørgen Graabak tykkjer det er synd at det har vore lite publikumsinteresse under øvingane i VM.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Det har ikkje vore ein folkefest i Planica desse to vekene VM gjekk av stabelen. Graabak meiner det har vore tynt med tilskodarar på alle øvingar, og karakteriserer det som synd.

Trondheim er arrangørby av VM i 2025, og no håpar Graabak at delegasjonane som var til stades i Planica, har observert det same som han.

– Vi bør unngå å gjere den same feilen som Planica har gjort, å ha for høge billettprisar. Det må vere eit meisterskap for alle, og vi skal skape ein folkefest, seier Graabak til NRK.

Må legge til rette

Kombinertløparen er ikkje uroleg for at det vil bli tynt på tribunane på heimebane, men meiner at ein ting er vesentleg for at det ikkje skjer.

Pressetreff kombinert

VIL HA FOLKEFEST: Jørgen Graabak om VM på heimebane.

Foto: Erik Johansen / NTB

– Trønderar og nordmenn kjem til å møte opp, det er eg heilt sikker på. Men det er klart at ein kan ikkje drite seg ut i form av billettprisar, seier Graabak.

Han held fram:

– Alle har sin grense med tanke på kva dei er villige til å betale. Det må vi sørge for, at flest mogleg tar seg råd til å ta turen, seier han.

– Har du trua på at det kjem til å skje?

– Ja, det har eg kjempetrua på. Det er eg heilt sikker på at kjem til å skje, med mindre vi drit oss ut. Det trur eg vi skal unngå, seier Graabak.

Han er klar i talen:

– Ein ynskjer å ha flest mogleg på stadion, og då håpar eg at dei set prisane for å legge til rette for det, seier Graabak.

– Smart mann

Åge Skinstad er VM-sjef for Trondheim 2025, og han tykkjer at kombinertløparen trekk gode poeng.

– Graabak er ein smart mann, og har smarte utsegn. Det må vi må gjere, er at vi må differensiere. Vi trur det er folk som vil betale ganske mykje og vere på VIP-tribune, og så skal vi ha folketribunar, familieopplegg omkring løypa, og så vidare, seier han.

Åge Skinstad

PÅ PLASS: Åge Skinstad under storbakkekonkurransen i Planica.

Foto: Torstein Bøe / NRK

I tillegg fortel han at det vil bli mogleg for publikum å gå frå andre skiløyper og inn i anlegget, og derfor kunne sjå på langrennet heilt gratis.

– Men å kome med nøyaktig pris på billett, er litt vanskeleg, for vi må sjå dette i heilskap. Det vil bli både billige og dyrare billettar, og det skal bli plass til alle, seier Skinstad.

Skinstad var sjølv på plass under VM i Planica, og det viktigaste han har lært av arrangementet, er at det er større enn eit verdscup-event, og at publikumslogistikken er viktig.

– Å tilpasse arenaen etter talet folk som kjem, er kanskje det aller viktigaste. Dei er gode på hopp, men langrennsstadionet er nok litt for stor for det som er eit realistisk publikumstal her i Slovenia, seier Skinstad.

Les også: «Ingen» så Norge vinne historisk gull: – Det er stusselig

Glisne tribuner
Glisne tribuner

Berekraftig

Over 25 stykk har reist frå Noreg for å observere gjennomføringa av VM for å førebu seg til det neste på heimebane. Det talet involverer rennleiarar, stadionansvarleg, hoppbakkesjefar, drift frå Trondheim kommune, ordførar, politimeister og kommunedirektør.

– Det blir veldig viktig å lage ein spesifikk og tydeleg avtale mellom anleggseigar og arrangør. Vi har sett på logistikk, korleis det er bygd med mediesenter, og det er plussar og minus med alt, seier Skinstad.

Målet til VM i Trondheim er å bli tidenes mest berekraftige ski-VM.

– Korleis skal de få til det?

– Det går på avfallshandtering, attvinning innanfor energi og bruk, og vi skal bruke elektriske køyretøy. Og så gjeld det den sosiale dimensjonen. Det er veldig viktig å få med oss dei folka som vanlegvis ikkje er på skirenn, til å like skisporten og trivest med å vere med. Det skal vere plass til alle, seier han.

Måndag, dagen etter at ski-VM 2023 er over, startar jobben.

– Då skal vi skape engasjement, som gjer at flest mogleg har lyst å kome til Granåsen i 2025. Eg gler meg skikkeleg, seier han.

Les også: Utøvarane reagerer på dette synet: – Nitrist

Publikum, Planica
Publikum, Planica

Siste nytt

  • Mol og Sørum til finale i Tsjekkia

    Anders Mol og Christian Sørum tok seg til finale i verdenstourturneringen i sandvolleyball i Ostrava. De slo hjemmehåpene i semifinalen.

    Med settsifrene 19-21, 21-17, 15-8 er nordmennene klare for finale foran den tsjekkiske duoen Ondrej Perusic/David Schweiner.

    I finalen, som starter 16.30, venter enten Cherif Younousse/Ahmed Tijan, Qatar eller amerikanske Andrew Benesh/Miles Partain.

    Den norske stjerneduoen tapte et jevnt første sett i semifinalen, før de i sett nummer to fikk spillet mer på gli og utlignet. Dermed måtte kampen avgjøres i et tredje sett.

    Der skaffet de seg en stor ledelse og ga ikke fra seg initiativet på vei mot finaleplass. (NTB)

    EM Sandvolley 2022 i München
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Dennis Hauger nummer åtte i Barcelona

    Dennis Hauger endte på 8. plass under søndagens Formel 2-løp i Barcelona.

    Nordmannen startet fra sjette beste startspor og falt dermed to plasser. Prema-fører Oliver Bearman vant løpet og tok sin andre seier denne sesongen.

    Hauger står med én seier denne sesongen. Den kom under sprintløpet i Australia.

    Nå venter en liten pause for Formel 2-sirkuset. Neste runde kjøres i Østerrike 2. juli.

    Pressekonferanse med formel 2-fører Dennis Hauger
    Foto: Rodrigo Freitas / NTB
  • Elsafadi gjenvalgt i styret

    Flere av idrettstyrerepresentantene var på valg under Idrettstinget.

    Mia Larsen Sveberg, Sebastian Henriksen. Astrid Strandbu Marco Elsafadi var på valg.

    I tillegg kom det nenkeforslag fra Vestfold og Telemark Idrettskrets: Hans Erik Utne.

    Marco Elsafadi gikk på talerstolen og ba om han kunne få svar på om han fortsatt har tillit etter varslersaken i NIF den våren.

    Elsafadi ble gjenvalgt i styret. Hans Erik Utne, som var benkeforslag ble dermed ikke valgt inn i styret.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste