Gøymde ikkje håret godt nok – no vågar ikkje sjakkdommaren å reise heim til Iran

Dette biletet ser heilt normalt ut for dei fleste. Men det er direkte årsak til at ein av dei fremste kvinnelege sjakkdommarane i verda ikkje torer å reise tilbake til heimlandet.

Shohreh Bayat

HIJAB: Dommar Shohreh Bayat har på seg hijab ved sjakkbrettet, men den er så laus og dekker så lite hår at det har utløyst sterke reaksjonar heime i Iran

Foto: Lewis Liu/fide / Reuters

Shohreh Bayat (32) er ein av dei få kvinnelege sjakkdommarane på toppnivå i verda, og den einaste i Asia.

Ho nådde høgdepunktet i karrieren då ho blei utnemnd til hovuddommar i sjakk-VM for kvinner, som i desse dagar pågår i Vladivostok i Russland. Første del av VM gjekk i Shanghai tidlegare denne månaden. Det var der det famøse biletet blei teke.

Gleda over jobben som overdommar blei snudd til fortviling då ho såg reaksjonane på biletet av henne ved sjakkbrettet.

Det viser Bayat med ein hijab som ligg over skuldrene, men ikkje at det dekkjer håret. Andre bilete viser at sjalet dekkjer litt av håret. Det er ikkje godt nok etter iranske krav. Biletet blei slått stort opp i iranske media, og reaksjonane let ikkje vente på seg.

– Fekk totalt panikk

Shohreh Bayat

UTAN: Shohreh Bayat kasta like godt heile hijaben etter reaksjonane som førte til at ho ikkje vågar å reise heim att

Foto: Str / AFP

– Eg slo på mobilen og såg biletet mitt over alt. Dei skreiv at eg ikkje hadde hovudplagg, og at det var fordi eg ville protestere mot hijab. Det kom heilt uventa, og eg fekk totalt panikk, seier ho til BBC.

Ho forklarte at ho faktisk hadde dekka håret slik ho alltid gjer på internasjonale turneringar.

– Men kameravinkelen fekk ikkje det med seg, seier ho.

Personleg er ho likevel imot kravet om å dekke til hovudet.

– Folk skal ha rett til å kle seg som dei vil, seier ho. – Men eg tolererer reglane, fordi eg bur i Iran. Der har eg ikkje noko val, eg har aldri bore hijab frivillig, seier ho.

I Iran kan kvinner bli arrestert og få fengselsstraff for brot mot det strenge kravet. Sidan den islamske revolusjonen i 1979 har alle kvinner plikt til å bere hijab. For kvinnelege idrettsutøvarar gjeld dette også i utlandet.

– Det sit mange kvinner i fengsel for dette. Kanskje vil dei bruke meg som eit avskrekkande eksempel, seier ho.

Avviste krav om å svare på kritikken

Ho fortel til BBC at det iranske sjakkforbundet bad henne om å «skrive noko», som eit svar på kritikken.

Men det tolka ho som eit krav om å be om orsaking, og det nekta ho. Derfor vågar ho ikkje å reise tilbake til familien i heimlandet.

Derimot bad ho sjakkforbundet i Iran om garantiar for trygleik om ho reiste heim. Det avslo dei, skriv news.com.au.

Derfor valde ho å kaste hijaben fullstendig etter at biletet blei publisert.

Far hennar uttalte seg til det iranske student-nyheitsbyrået 10. januar.

– Både eg, mor hennar og Irans sjakkforbund har prøvd hardt å få henne til å reise heim. Men ho seier at ho ikkje vil, fordi ho er redd for å halde fram med sine aktivitetar i Iran, og vil i staden halde fram i eit anna land, ved hjelp av det internasjonale sjakkforbundet, skriv han, ifølgje chess.com.

Shohreh Bayat, sjakkdommer

KARRIERE-HØGDEPUNKT: Shohreh Bayat er den første kvinna i Asia som har blitt dommarsjef i ei VM-turnering

Foto: Lewis Liu/fide / Reuters

Men ho let seg irritere over at hijab-diskusjonen overskuggar det ho har oppnådd i karrieren som sjakkdommar.

– Ingen andre iranske kvinner har nådd så langt i ei turnering i verdsklasse. Men det einaste som betyr noko for dei (Irans sjakkforbund) er hijaben min. Det plagar meg, seier Bayat.

Shohreh Bayat har trassa kvinnediskrimineringa i Iran i sin karriere. Ho har fleire nasjonale meisterskap i sjakk, og representert landet i internasjonale turneringar. Ho blei også generalekretær i Irans sjakkforbund, og var den første kvinna som leia eit iransk idrettsforbund, skriv Der Spiegel.

No er ho internasjonal dommar med A-lisens. Og ho er berre 32 år gammal.

Får støtte frå visepresident

I desse dagar fokuserer ho på å gjere sitt beste i VM-kampen mellom regjerande verdsmeister, kinesiske Ju Wenjun, og den russiske utfordraren Alexandra Gorytsjina.

Det internasjonale sjakkforbundet FIDE har ikkje reagert på hendinga, fordi det ikkje har skjedd noko som bryt med deira reglar.

Men FIDEs visepresident Nigel Short har reagert på Twitter:

Laster Twitter-innhold

– Du får ikkje ein slik posisjon i Iran utan at du er betre enn mennene. Ho er ein pioner for kvinners rettar.

Bayat sjølv er usikker på kva som vil skje etter turneringa, som blir avslutta fredag.

– Det er vanskeleg. Eg skulle gjerne reist heim til familien, dersom eg hadde eit val. Men eg veit ikkje kva som vil skje meg då, seier ho.

– Bruken av hijab i Iran er strengt regulert, og eg forstår at ho er redd for sanksjonar, seier religionsviter Marianne Bøe ved Universitetet i Stavanger.

Ho kjenner ikkje konkret saka om Shohreh Bayat, og er også usikker på kor hardt regimet slår ned på iranske kvinner som ikkje brukar hijab når dei er i utlandet.

– Men det kan godt hende at kravet er sterkare når det er kvinner som representerer nasjonen, seier Bøe.

I løpet av dei siste åra har fleire kvinner protestert offentleg mot påbode bruk av hijab. Protestane blir ikkje berre sett på som kritikk påbodet, men av iranske styremakter.

Men Bayat seier at det ikkje var hennar meining å markere motstand mot hijab under sjakk-VM.

Bøe har ikkje høyrt om nokon som er blitt arrestert på dette grunnlaget.

– Men dei risikerer nok å bli haldne meir auge med, og kanskje kontrollerte litt strengare etterpå.

Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Johaug-rival bryt Ski Tour

    Russiske Natalja Neprjajeva, Therese Johaugs tøffeste konkurrent i verdenscupsammendraget, bryter Ski Tour 2020. Det bekrefter trener Jurij Borodavko overfor NRK. Neprjajeva ble syk etter at hun måtte reise til Moskva for å søke om visum til USA. Hun lå på 12.-plass i Ski Tour 2020.

    Natalia Nepryaeva
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
  • Klæbo stiller til start

    Legeundersøkelse ga Johannes Høsflot Klæbo grønt lys til å gå Ski Tour-sprinten i Åre tirsdag. Klæbo fikk søndag undersøkt sin trøblete finger i Trondheim. Mandag opplyser Norges Skiforbund at bruddet er uendret, hvilket betyr at Klæbo fortsetter Ski Tour. – Jeg ønsker ikke å fokusere på bruddet ved fingeren. Nå har jeg fokus på de løp som gjenstår i Ski Tour, sier langrennsstjernen i en uttalelse. Klæbo har ikke hatt noen heldig åpning av skitouren. Etter to etapper er han hele 2.15 minutter bak ledende Pål Golberg.

    Johannes Høsflot Klæbo Ski Tour
    Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal