Hopp til innhold

Golfstjerne rasar mot «trege» konkurrentar: – Ei skam

Sakte spel har blitt ein stor snakkis på PGA-touren dei siste vekene. Matt Fitzpatrick er oppgitt over tempoet til fleire av konkurrentane.

Fitzpatrick Spieth

IKKJE FORNØGD: Matt Fitzpatrick (høgre) vann turneringa på PGA-touren etter omspel mot Jordan Spieth tidlegare i april.

Foto: KEVIN C. COX / AFP

– Det må vere mykje mindre tid per spelar, og er du ikkje innanfor dei tidene, så blir du straffa. Ei skikkeleg straff for å vere for treg. Eg synest dei gir oss altfor mykje spelerom.

Det seier golfstjerna Matt Fitzpatrick til Sky Sports.

Engelskmannen vann nyleg storturneringa på Hilton Head på PGA-touren, etter omspel mot Jordan Spieth.

– Forferdeleg

Finalerunden spelte han saman med Spieth og Patrick Cantlay – ein runde som tok i overkant av fem timar og ti minutt.

– Spelar du i ei gruppe på tre, så burde du i mine auge gå rundt på fire timar. Fire og ein halv time som absolutt maks. Det er ei skam å komme i nærleiken av det, seier Fitzpatrick.

– Det er verkeleg forferdeleg. Problemet er at vi har snakka om dette i mange år, men det er aldri nokon som har gjort noko med det. Det er nesten bortkasta å snakke om det kvar gong, seier engelskmannen, som vann U.S. Open i fjor.

– Brutalt sakte

I The Masters veka før vart den siste runden gjort unna på nærare fem timar, det sjølv om det vart spelt i grupper på to spelarar. Den gong viste TV-bileta gong på gong at leiarballen med Brooks Koepka og Jon Rahm måtte vente i lange periodar på Cantlay og Viktor Hovland.

– Den gruppa framfor oss gjekk brutalt sakte. Jon gjekk på do sju gongar i løpet av runden og vi måtte framleis vente, sa Koepka etter runden.

Særleg spelet til Cantlay vart då kraftig kritisert. Sjølv seier han at det ikkje er nokon som har teke det direkte opp med han.

– Eg er definitivt tregare enn gjennomsnittet. Det har eg vore heile karrieren min, seier Cantlay om kritikken på ein pressekonferanse.

Han er likevel klar på at han ikkje er skulda i at det har gått tregt.

– Gruppene eg har spelt i har ikkje fått noka åtvaring dei siste to turneringane. Så vi har vore i posisjon heile tida, meiner amerikanaren.

Xander Schauffele Patrick Cantlay

HAR FÅTT KRITIKK: Patrick Cantlay (i blått) har fått mykje kritikk på sosiale medium dei siste vekene. Her saman med Xander Schauffele.

Foto: JONATHAN BACHMAN / AFP

Ekspert: – Tungt som TV-sjåar å følgje med

Discoverys golfekspert, Marius Thorp, har forståing for Fitzpatricks frustrasjon.

– Eg synest ikkje det bidreg positivt, til å løfte golfen, viss det tek over fem timar viss ein spelar to og to eller tre og tre. Det er langdrygt, utan tvil. Eg håpar det er noko dei kan adressere og finne tiltak på, slik at det kan bli betre, rett og slett, seier han.

Sjølv seier han at han er litt «i villreie» for kva som faktisk kan gjerast for å få ned tidsbruken.

– Det skal vere mogleg å ha eit sett tal på tid, med sekund du har å bruke på kvart slag. Det burde vere mogleg å halde oppe. Eg skjønar at folk er ulike med rutinane dei har før eit slag, men det handlar om å vere klar når det er din tur til å slå og gjere forarbeidet i forkant, seier Thorp og held fram:

– Når det tek fem timar, slik det gjorde i den siste runden på Masters med to og to, så er det tungt som ein TV-sjåar å følgje med på. Ein må absolutt vere merksam på dette framover, slik at det ikkje blir verre eller endå meir negativt enn det allereie er.

Les også Hovland uenig i NRK-kritikk: – Dere i media gjør det veldig forenklet

Viktor Hovland på Stokke

– Synest du kritikken som har komme mot Cantlay er fortent?

– Han har vore treg ein periode og held berre fram slik viss det ikkje får konsekvensar eller han får beskjed om å kjappe seg. Personleg synest eg det går litt vel sakte med Patrick Cantlay innimellom. Viss ein klokkar inn eit par av slaga hans, så er vel dei eit godt stykke over ein tidsbruk han eigentleg er tillaten å bruke. Det er jo retningslinjer og føresegner der av ein grunn, meiner Thorp.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal