NRK Meny
Normal

Mindre videodømming i golfsporten

Golfsporten går motsett veg av fotballen og avgrensar videodømming. Iallfall etter tips frå publikum.

Lexi Thompson

KNUST: Lexi Thompson i tårer inn mot eitt av dei siste hola i turneringa 2. april i år. Ho har nettopp fått vite at ho - etter tips frå tv-publikum - får fire tilleggsslag som straff for å ha plassert ballen eit par centimeter feil dagen før. Dermed blir den store leiinga borte

Foto: ROBERT LABERGE / AFP

Heretter skal ingen kunne tipse arrangøren og vise til tv-opptak for å straffe golfspelarar for mindre regelbrot. Feilen som ikkje blir oppfatta av det menneskelege auge direkte, skal ikkje straffast.

Royal & Ancient i Skottland og USAs golfforbund – som er dei som fastset reglane i internasjonal golf – vedtok dette i går, og regelen skal gjelde frå i dag.

Hendinga som fekk fart i forslaget om å sjå bort frå videobevis, var Lexi Thompson-episoden tidlegare denne månaden.

Fire tilleggsslag dagen etter

Thompson tok opp ballen for å merke han, og bomma med eit par centimeter då ho skulle legge ballen tilbake. Dette såg ikkje dommarane.

Men ein tv-sjåar hadde lagt merke til det og tipsa arrangøren før runden neste dag. Dei studerte videoen og gav Thompson fire tilleggsslag – to for å ha flytta ballen og to for å ha signert eit ukorrekt scoringskort.

Halvveges i den siste runden fekk ho vite om straffa. Og det var ei gråtande Lexi Thompson som avslutta runden. Det heldt til delt førsteplass likevel, men ho tapte omspelet.

– Eg var ikkje klar over at eg gjorde det, sa Thompson etterpå.

Anna Nordqvist

STRAFFA: Anna Nordqvist var på veg mot ein overraskande siger i US Open i fjor. Men to tilleggslag etter publikumstips om regelbrot øydela for den svenske jenta

Foto: JEFF GROSS / Afp

Med dei nye reglane hadde ikkje svenske Anna Nordqvist fått ei straff på to tilleggsslag i US Open i fjor. Dei to slaga kosta henne sjansen til ein sensasjonell siger.

Har gått for langt

Super-slowar i tv-sendingar avslører stadig små feil for publikum. Så mange at det no har gått for langt, meiner dei som styrer golfen.

Golf-leiarane har diskutert dette i fleire år, i samband med ei meir omfattande modernisering av reglane. Dette skulle eigentleg teke til å gjelde frå 2019.

Thompson-hendinga førte til stort oppstyr i media, og fleire spørsmål melde seg:

Skal arrangøren ta omsyn til tips frå tv-publikum? Kor lang tid kan det gå mellom eit mindre regelbrot og straffa? Er tips frå publikum urettferdige overfor dei beste, dei som oftast er på tv-skjermen?

Det var dette som førte til at regelen no skal få effekt straks, ikkje om to år.

– Golf har høg integritet

Videodømming etter tilfeldige tips frå publikum går på golfens integritet laus, meiner regelkomiteen.

– Golf har alltid vore ein sport med høg integritet. Derfor vil vi legge meir vekt på spelarens eigen vurdering enn på det videoteknologien viser, seier R&A-direktør Martin Slumbers.

– Avgjerder må bli tekne raskt. Då er dei ikkje alltid heilt presise, men det er viktig at kravet til presisjon ikkje er så detaljert at spelarane må gå å vere usikre på videobasert dømming i etterkant, seier Slumbers.

Siste nytt

  • Siste forsøk på løysing

    Leiinga i spelarforeininga møtte spelarane seint i går kveld, truleg for å gjere eit siste forsøk på å finne ei løysing i den danske spelarkonflikten, melder Danmarks Radio.

    Klokka 12 i dag går den endelege fristen ut for Danmark til å bestemme seg for om dei skal spele VM-kvalifiseringskampen for kvinner mot Sverige fredag.

    Danmark jubler
    Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP
  • Sveits' regjering støttar Sion-OL

    Regjeringa i Sveits vedtok i går å støtte ein søknad frå Sion om å søkje vinter-OL 2026.

    Det er uklart om det blir folkerøysting om søknaden.

    Innsbruck i Austerrike sa sist søndag nei til OL-søknad. Tidlegare har sveitsiske St. Moritz også sagt nei i folkerøysting.

    Vertsby for OL 2026 blir vald i 2019.

    Sveitsisk flagg
    Foto: ARND WIEGMANN / Reuters
  • Messi med mål nummer hundre

    I kveldens 3–1-seier over Olympiakos fikk Lionel Messi æren av å sette inn sitt mesterligamål nummer 100.

    Tre minutter før pause ble Gerard Pique utvist for katalanerne.

    Barcelona leder gruppe D tre poeng foran Juventus som slo Sporting 2-1 i kveld.

    Spain Soccer Champions League
    Foto: Manu Fernandez / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Europa League: Zenit - Rosenborg