NRK Meny
Normal

Jublande Golberg: – Var litt heldig

LAHTI/OSLO (NRK.no): Pål Golberg låg sist av tre norske i finalen halvvegs i løpet. Så gjekk to mann i bakken, Golberg glei opp i tet og banka verdseliten i spurten.

Mens favoritten Ola Vigen Hattestad lå og sprellet i snøen gikk Pål Golberg inn til seier på sprinten i finske Lahti lørdag. Se spurten her.

Pål Golberg gjekk inn til siger då Ola Vigen Hattestad fall. I spurten banka han svenske Teodor Peterson, russiske Alexey Petukhov og Eirik Bransdal.

– Måten sigeren kom på i dag var nok litt heldig. Men slik er skøytesprintar, og i dag var det min tur, sa ein fornøgd Golberg etter sin andre verdscupsiger.

Pål Golberg

Pål Golberg tok sin andre verdscupsiger i Lahti laurdag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

23-åringen sin første verdscupsiger kom 7. desember på Lillehammer. Då var det ein tårevåt Golberg som møtte NRK etter siger på 15 kilometer klassisk.

I sprintfinalen i Lahti var Golberg éin av tre nordmenn i finalen, og mannen frå Gol var nok ikkje favoritt av dei tre.

I finalen var nemleg både OL-vinnar Ola Vigen Hattestad og Noreg sin bestemann i sprintcupen, Eirik Brandsdal.

Svenske Teodor Peterson, russiske Alexey Petukhov og finske Matias Strandvall var dei tre andre i finalen.

«Og så fell Ola!»

I kvinneklassen ramla Ingvild Flugstad Østberg ut av semifinalen, medan Maiken Caspersen Falla fekk finalen øydelagt etter fall.

I herrefinalen blei det også fall. Då startskotet gjekk opna både Brandsdal og Vigen Hattestad bra saman med Peterson. Golberg låg som nummer fem store delar av løpet.

Ola Vigen Hattestad

Her ligg Ola Vigen Hattestad utslått etter eit unødvendig fall i finalen.

Foto: NRK

Like før løparane kom inn i dei siste svingane inn mot oppløpet gjekk det gale.

– Og så fell også Ola Vigen Hattestad. Rett ned! Først Strandvall, så Hattestad!, utbraut NRK-kommentator Jann Post.

Finalefallet var av den rare sorten. Finske Strandvall og Vigen Hattestad gjekk i bakken cirka på eksakt same tid, men dei var langt unna kvarandre. Begge rota det rett og slett til for seg sjølv, noko som gjorde at Bransdal òg måtte stoppe opp litt.

Inn på oppløpet var Golberg i tet og i kamp mot Peterson og Petukhov var 23-åringen suveren.

Saka held fram under videoen.

Under sprintfinalen i finske Lahti gikk OL-vinner Ola Vigen Hattestad på tryne. Vinner ble lagkamerat Pål Golberg. Se fallet her.

Her er det litt rare fallet til Ola Vigen Hattestad.

Golberg gjekk vidare som «lucky looser»

Heile åtte av 30 utøvarar i kvartfinalane i Lahti var nordmenn. Petter Northug rauk i prologen, men Golberg, Bransdal og Vigen Hattestad kvalifiserte seg saman med Sondre Turvoll Fossli, Finn Haagen Krogh, Anders Gløersen, Sindre Bjørnestad Skar og Håvard Solås Taugbøl.

20 år gamle Solås Taugbøl var best av dei norske i prologen med nest beste tid, berre slått av svenske Peterson.

Haagen Krogh, Gløersen og Bjørnestad Skar rauk i kvartfinalane. I første semifinale var Turvoll Fossli einaste nordmann.

Der møtte han sterke menn i Petersson, Petukhov, sprintcupleiar Josef Wenzl, Alex Harvey og Emil Jönsson. Turvoll Fossli tok kommandoen i semifinalen, men utover i løpet blei han litt for lett mot rutinerte menn og enda på femteplass.

I den andre semifinalen var det fire nordmenn i Vigen Hattestad, Brandsdal, Golberg og Solås Taugbøl. Sistnemnde var einaste som ikkje gjekk vidare etter femteplass, medan Golberg gjekk vidare på tid – som «lucky looser».

Dermed var Golberg litt heldig i både semifinale og finale, og til slutt blei det siger.

Siste nytt

  • Wikheim matchvinner i Danmark

    Tidligere Strømsgodset-spiller Gustav Wikheim ble matchvinner da Midtjylland slo Aalborg 1-0 i den danske superligaen mandag. 24-åringen ble matchvinner to minutter før full tid. Wikheim erstattet Alexander Sørloth etter 76 minutters spill.

    Gustav Wikheim
    Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix
  • Matip går glipp av Sevilla-kampen

    Liverpools Joel Matip spiller ikke tirsdagens mesterligakamp mot Sevilla på grunn av lårtrøbbel.

    26-åringen spilte ikke da Liverpool slo Southampton 3-0 i serien lørdag. Nå bekrefter manager Jürgen Klopp at han er ute mot spanjolene, melder BBC.

    Joel Matip
    Foto: Phil Noble / Reuters
  • Sky Sports: Bud på Newcastle

    Forretningskvinnen Amanda Staveley (44) skal ha lagt inn et bud på 300 millioner pund for Premier League-klubben Newcastle. PCP Capital Partners, firmaet til den engelske finanskvinnen, la inn budet i slutten av forrige uke, ifølge Sky Sports.

    Newcastle-supporter
    Foto: Alex Morton / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal