Hopp til innhold

Toppidrettsjefen: – Fleire særforbund kunne gjort betre jobb

Medaljelause norske særforbund lar seg ikkje provosere av toppidrettsjefens utsegner om at fleire av dei ikkje har gjort god nok jobb.

Tore Øvrebø

KRITIKK: Toppidrettsjef Tore Øvrebø er ikkje nøgd med medaljefangsten i OL, og gir fleire av særforbunda ein del av skulda

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Søndag kveld plasserte toppidrettsjef Tore Øvrebø mykje av skulda for Norges dårlegaste medaljefangst i OL på 32 år på fleire av særforbunda.

– Det er ein del særforbund som kunne ha gjort meir på eiga hand for å kome opp på eit nivå der det blir interessant for oss å samarbeide med dei, sa Øvrebø, utan å ville seie kven han sikta til.

Vi har jobbet veldig tett på de miljøene som har tatt medaljer. Så kan dere slutte ting ut fra det.

......

Men det er jo en del særforbund som kunne ha gjort mer på egenhånd, og de må opp på et nivå der det blir interessant for oss å samarbeide med dem.

Tore Øvrebø, toppidrettssjef

Evalueringsrapporten etter London-OL i 2012 tilrådde at målsetjingane skulle gå meir i retning resultat, ikkje først og fremst utvikling.

Men slik har det ikkje gått.

Norge tok fire bronsemedaljar i OL i Rio. For første gong sidan Tokyo-OL i 1964 greidde dermed Norge verken gull eller sølv i eit OL. Det beklagar Øvrebø. Samstundes kom han med eit spark til fleire av idrettsforbunda.

– Vi har jobba veldig tett på dei miljøa som har teke medaljar. Så kan de slutte ting ut frå det, sa Øvrebø til det norske pressekorpset i Rio søndag kveld.

Ingen tar kritikken inn over seg

Seiling

UNDER PARI: Norge seglarar var blant dei mange som var eit godt stykke unna medaljer i Rio

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Men ingen av dei medaljelause særforbunda NRK har snakka med, vil ta til seg kritikken. Dei rosar tvert imot samarbeidet med Olympiatoppen.

– Vi har hatt eit kjempegodt samarbeid med Olympiatoppen, seier sportssjef Morten Ivarsen i Norges Padleforbund. Ingen norske padlarar kvalifiserte sge til OL.

Skyttarane var representert i Rio, men åttandeplassen i heilmatch for menn var einaste finaleplassen. Men heller ikkje Norges Skytterforbund vil skulde på Olympiatoppen.

– Vi kjenner oss slett ikkje råka. Eg er ikkje på nokon måte kritisk til Olympiatoppen, eg veit at vi samarbeider godt. Det har vi gjort i mange år, seier sportssjef Tor Idar Aune.

Dei norske seglarane var heller aldri i medaljekampen i Rio.

– Det er sikkert mykje vi kunne gjort betre, seier generalsekretær Espen Guttormsen. – Men vårt samarbeid med Olympiatoppen er godt. Vi har fått god støtte og hjelp når vi har hatt behov for det, seier Guttormsen.

Tiårsplan etter London-OL

Idrettspresident Tom Tvedt måtte også svare for dei magre resultata i Rio.

– Det er kritikk fra mange hald om at dette ikkje er eit OL som held mål for Norge?

– Det er viktig å evaluere og sjå bak resultata. Etter London-OL la vi ein 10-årsplan for norsk idrett, og den står vi 100 prosent bak. Vi skal stå på den strategien vi har valt, seier Tvedt til NTB.

– Då du leia utvalet som la fram sin rapport i 2012, sa du at de skulle vere «brutalt ærlege». Blir dette også inngangen til den komande evalueringa?

– Svaret på det er ja. I toppidrett og livet generelt så må du vere ærleg og sjå på kva som fungerer og ikkje fungerer. Det må vere kunnskapsbasert. Om ikkje, lurer vi oss sjølv, meiner Tvedt.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal