Godt nytt for Finland
Etter at Slovakia blei knust 5–0 av Spania og Sverige tok tre poeng mot Polen, er det grunn til veldig forsiktig optimisme i Finland.
For det resultatet gjer at Finlands håp om avansement som ein av dei fire beste trearane framleis lev.
Men det er likevel langt fram til finsk avansement før gruppespelets to siste kampar.
No må nemleg eitt av to scenario gå i oppfylling:
1: Portgual tapar med fire mål mot Frankrike og Tyskland tek poeng mot Ungarn.
2: Eller Portugal tapar mot Frankrike, og Tyskland blir slått med fire mål mot Ungarn.
Dermed er det framleis ein sjanse for at EMs nordiske representantar, Sverige, Danmark og Finland, tek seg til EMs utslagsrunder.