– Ja, det var hands, seier Strømsgodsets trenar Bjørn Petter Ingebrigtsen utan å nøle.
Han snakkar om episoden etter 75 minutt, på stillinga 1-1. Yacouba Sylla var aktiv med armen, og ballen trefte overarmen.
Dei 13.000 på tribunene ropte på straffe. Men dommar Trond Ivar Døvle var av ei anna oppfatning og let spelet gå vidare. Dermed blei det 1-1 også til slutt på stadion der den nye tribuna blei opna med fyrverkeri.
– Klar straffe
Men Godset-trenaren er klar på at det skulle vore straffe. Hans Brann-kollega Lars Arne Nilsen er samd, men ikkje like kategorisk.
– For meg såg det ut som straffe, men det er dommaren og hans syn som avgjer, seier Nilsen til Europsort.
– Det var ein klar straffe, sa ekspert Bengt Eriksen i Eurosports studio.
– Men det var ikkje derfor vi mista poeng i dag, seier Nilsen.
For Brann hadde ballen meir enn nok i andre omgang til å vinne kampen. Men dei var ikkje kvasse nok i angrepet, og Godsets forsvar hadde sjeldan store problem.
– Dei gjorde det lett for oss å forsvare oss, sa «BP».
– Vi blei spela veldig låge, men likevel makta vi å halde dei greit unna. Målet var litt rart, men elles greidde vi oss godt, seier han.
Dommarane diskuterte ei stund om det var offside, men godkjende scoringa.
– Gryande kampvilje
Han såg eit lag som kjempa betre enn dei har gjort på lenge, og på overtid kunne dei også ha tatt alle poenga. Men Nicholas Mickelsons skot gjekk rett på keeper.
SIF-spelar Jakob Glesnes var den gladaste bergensaren på Brann Stadion i kveld.
– Vi kom for å ta poeng, og det gjorde vi. Eg ser ein gryande kampvilje i laget som eg ikkje har sett før, sa han.
Stemninga var elektrisk på Brann Stadion med den nye tribunen, og det var fyrverkeri før kampstart.
Seinare blei det så som så med fyrverkeriet, og resultatet var heller ikkje slik dei frammøtte ønskte. Pulikum peip då spelarane gjekk av bana.