Noreg banka Kviterussland 6-4 i den siste kampen før VM.
Mads Zuccarello Aasen skåra det første og det siste norske målet i generalprøva i Grenoble.
- Overskotet tilbake
Landslagstrenar Roy Johansen seier sigeren var venta etter ei tøff treningsperiode.
- No har vi sleppe opp på treninga, noko som gjer at spelarane er mykje piggare. Generelt tykkjer eg heile laget gjer ein god jobb.
Sigeren over Kviterussland kjem dagen etter at Austerrike vart slått 3-0. Ei særs sterk andreperiode avgjorde dagens oppgjer. Ved første pause var stillinga 1-1. Då den andre pausa starta leia Noreg 5-2 etter mål av Lars Erik Spets, Anders Bastiansen, Martin Laumann Ylven og Per- Åge Skrøder.
Roy Johansen tek med seg sjølvtillit og ei skadefri tropp til opningskampen i VM mot Finland komande laurdag.
Norge - Kviterussland 6-4 (1-1, 4-1, 1-2)
Mål: 1. periode: 0-1 (07.15), 1-1 (13.36) Mats Zucarello Aasen (Morten Ask, Marius Holtet).
2. periode: 2-1 (26.29) Lars Erik Spets (Anders Bastiansen), 2-2 (28.25), 3-2 (35.26) Bastiansen (Ask, Zucarello Aasen), 4-2 (37.12) Martin Laumann Ylven (Martin Røyrmark, Peter Lorentzen), 5-2 (38.20) Per-Åge Skrøder (Tore Vikingstad, Patrick Thoresen).
3. periode: 5-3 (51.39), 5-4 (56.18), 6-4 (59.44) Zucarello Aasen.