NRK Meny
Normal

God start av Moan i kombinerttouren i Seefeld

Magnus Moan gjekk inn til andreplass i nyskapinga Nordic Combined Trippel.

Magnus Moan

Magnus Moan ligg på andreplass etter fyrste dag av trippelkonkurransen i Seefeld – kombinertsporten sitt svar på Tour de Ski.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Eitt skihopp og ein fem kilometer prolog var innhaldet på fyrste dag av Nordic Combined Trippel i Seefeld. Den tyske verdscupleiaren Eric Frenzel vann fyrste del.

Moan var nummer tolv etter hoppinga, og gjekk i mål 8,4 sekund bak Frenzel. Tyske Tino Edelmann tok tredjeplassen.

Håvard Klemetsen leia etter hopprennet og gjekk inn til fjerdeplass.

Kombinertsporten sitt svar på Tour de Ski

Denne helga går nyskapinga Nordic Combined Trippel av stabelen i Seefeld – kombinertsporten sitt svar på Tour de Ski.

– Det er viktig at sporten får sin eigen tour, sa kombinertkommentator i NRK Fred Børre Lundberg.

Utøvarane skal gå renn fredag, laurdag og sundag i Seefeld i Austerrike, og det skal kjempast om 100.000 euro i pengepremiar.

Samanlagtvinnaren får òg med seg 200 verdscuppoeng.

Alle norske vidare

Laurdag står eitt hopp og 10 kilometer på programmet, medan sundag er det klart for to hopp og deretter ein avsluttande 15 kilometer langrenn.

Under det fyrste rennet var det 69 startande. Dei 50 beste får gå morgondagens renn og tek med seg avstanden i mål, medan dei 30 beste går det avsluttande rennet sundag.

Øvrige norske som alle er kvalifiserte til morgondagen:

11) Jan Schmid 0.34,5

18) Mikko Kokslien 0.51,8

32) Magnus Krog 1.13,3

37) Jørgen Graabak 1.21

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal