Gløersen med medaljeløp
Det kan holde til en gullmedalje for Anders Gløersen, som leder i mål akkurat nå. Han er over minuttet foran nestemann.
Leicester makta berre 1-1 mot Burnley, og missa sjansen til å innta andreplassen på tabellen.
Matej Vydra gav Burnley leiinga då han snappa opp eit tilbakespel etter berre 4 minutt. Leicester utlikna ved Kelechi Iheanacho på volley ein halv time seinare.
Leicester hadde initiativet, men greidde aldri å få sigersmålet. Begge lag hadde skot i stengene i andre omgang.
Dei er dermed framleis på tredjeplass bak dei to Manchester-klubbane. Burnley tok eit verdfullt poeng i kampen for å unngå nedrykk.
I ein annan kamp slo botnlaget Sheffield United Aston Villa 1-0, og tok sin fjerde siger for sesongen.
LSK Kvinner tapte 2-0 for Wolfsburg i første kamp i åttedelsfinalen i meisterligaen.
Alexandra Popp scora begge måla. Det første kom etter berre to minutt, det andre eit kvarter etter pause.
Wolfsburg dominerte kampen og skapte mange sjansar, men sløste bort dei fleste.
Ingrid Syrstad Engen, som kom frå LSK i 2019, spela heile kampen for Wolfsburg. Karoina Sævik spela andre omgang for det tyske laget.
Returkampen går neste onsdag. På grunn av norske karantenereglar skal den spelast i Budapest.
Caroline Graham Hansen la tre målgjevande pasningar til Jennifer Hermoso då Barcelona slo danske Fortuna Hjørring 4-0 i første åttedelsfinale i meisterligaen i fotball.
Returkampen går i Danmark i neste veke.
Kl. | Program | Kanal |
---|
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.