Trenarlegenda veit godt korleis det er å slå AC Milan. Sjølv om det blei berre nesten og 3-2-tap for Bodø/Glimt, fekk dei giganten til å skjelve.
– Prestasjonen er veldig positiv, og det viser jo at Bodø/Glimt var seg sjølv og scora to mål. Milan har jo ikkje vore helt i toppsjiktet dei siste åra, men dei er på topplan av europeisk fotball i alle fall. Så det er godt gjort. All ære til Bodø/Glimt for det, seier Eggen til NRK.
– Må vere deg sjølv
Bodø/Glimt hadde ikkje tapt ein einaste kamp denne sesongen før dei møtte AC Milan.
Glimt såg heller ikkje prega ut av å spele på ærverdige San Siro. Etter at det var spelt 14 minuttar dribla Jens Petter Hauge av Franck Kessié, og Kasper Junker sende Glimt opp i leiinga.
Særleg det første kvarteret, og i 2. omgang, spelte Bodø/Glimt slik vi er blitt vant til å sjå dei i Eliteserien.
Det var også Eggens og Rosenborgs filosofi under 13 strake år med meisterligaspel.
– Det viste seg at sjølv på bortebane så er du nøydd til å gå ut på banen å vere deg sjølv og skape problem for motstandaren. Eller så taper du, veit du. Om du heile tida er opptatt av kor god motstandaren er, har du indirekte sagt at du sjølv ikkje er så god. Gå utpå der og ta kampen, så får du erfaring. Det får Bodø/Glimt også. Det er ein lærerik kveld dei hadde i går, veit du, og den er god å ta med seg vidare, seier Eggen.
Sjokkstart
Bodø/Glimt har all grunn til å vere stinne av sjølvtillit etter ein glitrande sesong. Etter 18 kampar i Eliteserien har dei vunne 16 og spelt uavgjort to gonger.
Torsdag kom altså det første tapet for sesongen. Glimt sin trenar Kjetil Knutsen sit med blanda kjensler etter kampen.
– Eg er både stolt og skuffa. Det er rare kjensler, seier Knutsen etter kampen.
Det italienske storlaget tok meir og meir over banespelet, og dei hadde mange sjansar før Lorenzo Colombo kunne sette inn si første skåring for den italienske klubben etter ein dryg halvtime.
Colombo erstatta Zlatan Ibrahimovic, som måtte stå over kampen, etter at han fekk påvist koronavirus.
– Me mistar ballen for mykje i første omgang, fortel Knutsen.
Samanlikna med Haaland
AC Milan har vunne meisterligaen heile sju gonger. Real Madrid med sine 13 er den einaste klubben som har vunne den gjævaste klubbturneringa fleire gonger. Milan er ikkje det dei ein gong var, men klubben er likevel enormt stor.
Stor var også Calhanoğlu denne kampen. Like ut i andreomgang sette han sitt andre for kvelden. På 3–1 var det enkelt å tru at kampen var avgjort med det, men Glimt og Hauge ville det annleis.
Ti minutt ut i omgangen dunka Hauge vakkert inn reduseringa, til 3–2.
– Han var banens gigant. For ein kamp han spelte, seier NRK-ekspert Carl-Erik Torp.
Med 14 mål og 7 målgivande så langt i Eliteserien har han tiltrekt seg interesse frå mange klubbar. Manchester United er blant dei som har kikka på 20-åringen. Torp trur ikkje interessa har minska etter kveldens kamp.
– Eg blir overraska om han ikkje er Noregs neste store eksportvare. Han har alt som skal til for å spele på eit høgt nivå. Eg sit litt med same kjensla som da Erling Braut Haaland spelte i Eliteserien.
Dei norske serieleiarane pressa på for å få ekstraomgangar, og på overtid fekk Ulrik Saltnes ein kjempesjanse til å utlikne, men han sette ballen over.
– Han tenker sikkert på den i natt, men me står saman når me vinn, og me står saman når me tapar. Slik er livet, seier Knutsen.
– Det er tungt at me ikkje får fleire kampar i Europa. For det er me klare for. Det har me vist denne sesongen, fortel Glimt-trenaren vidare.
Rosenborg vann 1–0 mot Alanyaspor tidlegare torsdag. Anders Konradsen skåra for trønderane, og blei seinare utvist. Dei klarte likevel å halde unna. Dermed er siste hinder før eit eventuelt gruppespel PSV Eindhoven. Den kampen blir spelt på Lerkendal.