NRK Meny
Normal

Hadde nok ein dårleg dag i OL-løypene - gler seg over bronse til lagvenninna

Ann Kristin Aafedt Flatland (31) hadde sjølv ikkje dagen i OL-løypene og måtte nøye seg med ein 25. plass på dagens fellesstart. Vikjen vel å gle seg over bronsemedaljen til lagvenninna Tiril Eckhoff, og seier den var viktig for laget.

Ann Kristin Aafedt Flatland

GLER SEG OVER NORSK BRONSE: Ann Kristin Aafedt Flatland kjente sjølv på at det butta imot under fellesstarten. Ho gler seg over norsk medalje.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Det er heilt fantastisk og fortent, jublar Aafedt Flatland etter at den 23 år gamle lagvenninna har sikra Norge den andre medaljen til skiskyttarjentene under OL.

For på ein dag der Tora Berger gjekk på rumpa og aldri greidde ta seg inn att, var det unge Tiril Eckhoff som redda Norge si æra.

På oppløpssida spurtslo ho den tidlegare langrennssprintaren Evi Sachenbacher-Stehle, og kunne strekkje hendene i vêret for sin første olympiske medalje.

– Ho har jobba knallhardt og gjorde eit veldig bra løp i dag, så dette var fortent, seier Aafedt Flatland.

Tora Berger vart nest beste norske på 15. plass, 1,42 minutt bak gullvinnaren.

Vedgår at det betyr mykje for laget

Allereie på første runde gjekk det gale for det største norske medaljehåpet. Tora Bergen gjekk i bakken, og vart liggande langt bak i feltet. På første skyting greidde alle dei tre norske damene fulle hus, men på andre vart det ein bom på alle tre.

Etter kvart vart det berre Tiril Eckhoff som greidde halde koken blant dei i tet, og med ein svært sterk sisterunde kan ho no gle seg til å sjå ut over eit yrande folkeliv under medaljeseremonien seinare.

Slike opplevingar har det blitt færre av enn mange venta, og det er berre Tora Berger som fram til i dag har teke medalje av dei norske skiskyttarjentene.

Ann Kristin Aafedt Flatland legg ikkje skjul på at det betyr mykje for laget at dei lukkast.

– Dette er kjempebra. No har vi to medaljar, både Tora og Tiril har kvar si, og det er vanvitig bra, seier Aafedt Flatland.

(Artikkelen held fram under)

Tiril Eckhoff

BRONSE: Tiril Eckhoff kunne sleppe kjenslene laus etter å ha sikra seg si første olympiske medalje under dagens fellesstart i Russland.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / Afp

– Det butta litt imot i dag

Med til saman to bom enda Aafedt Flatland til slutt på ein 25. plass, to minutt og 50 sekund bak gullvinnar Darya Domracheva frå Kviterussland.

Det har vore mykje fokus på dårlege ski for både langrennslaget og skiskytarane til Norge, og Aafedt Flatland er ikkje heilt trygg på at problema er løyste.

– Korleis var skia dine?

– Eg veit ikkje heilt. Eg gjekk på litt andre ski enn dei andre dagane.

– Eg synest det butta litt imot i dag, men om det er kroppen eller skia er vanskeleg å svare på, seier Aafedt Flatland til NRK.no.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal