– Å bli nest beste nasjon i verda for ein bitte liten nasjon er ein enorm følelse, seier landslagstrenar Daimi Akin.
Akin har trena laget sidan 2001. Dei to siste åra har dei tatt det utrulege steget opp som verdstoar bak Russland.
Har blitt ei stormakt
Og for å gjere merksam på forskjellen mellom dei to: I Russland er det over to hundre tusen aktive kickboxarar. Norge har «bare» rundt fem tusen.
– I det nasjonale russiske meisterskapet må ein gå gjennom 30 kampar for å kunne kvalifisere seg. I Norge er vi bare 30 utøvarar i NM, seier Akin.
Under den norsk-tyrkiske trenaren si leiing har landslaget gjennom åra tatt heile 18 VM medaljar og 17 EM-medaljar på amatørnivå.
På proffnivå har dei åtte VM-titlar og to EM-titlar.
TAKKAR: Mette Solli har ei heftig merittliste som kickboxar. No takkar ho landslagstrenar Daimi Akin.
Foto: Falch, Knut / SCANPIX– Hadde ikkje klart dette utan han
Og det er etter kvart mange som kan takke Akin for ei god merittliste.
Mette Solli er den største norske kickboxaren gjennom tidene. Ho har vunne to VM gull og vann kampen om proffverdsmeister-beltet seks gangar.
– Eg hadde ikkje oppnådd det eg har oppnådd utan Akin, seier ho.
Solli skildrar landslagstrenaren som ein stødig og audmjuk leiar.
– Han er god på å kommunisere, og ser individa og ikkje gruppa, seier Solli.
Fekk att for blodslit
Og kanskje difor blei trenaren nominert til prisen som årets trenar under Idrettsgallaen 2010, saman med FCK-trenar Ståle Solbakken og landslagstrenar i langrenn, Egil Kristiansen.
– Dette var ikkje bare stort for meg. Det var og stort for andre små idrettar. Det er veldig hyggeleg å komme fram saman med større og kommersielle idrettar, seier Akin.
- LES OGSÅ: Solbakken blei årets trenar
Vil halde fram i toppen
Trenaren trur landslaget vil oppretthalde posisjonen dei har fått som verdstoar. Kanskje nettopp på grunn av Akin.
– Eg har brukt 22 år av livet mitt på dette. Heile kvardagen min går til kickboxing. Det er ein livsstil for meg, seier han.