God start for Gjersem i EM

Kunstløpar Anne Line Gjersem gjekk eit godt kortprogram i Budapest onsdag, og har kvalifisert seg til friløpet.

Kunstløperen Anne Line Gjersem oppnådde poengsummen 46,63 under kortprogrammet i Budapest. Kommentatorer: Rita Morvik og Mona Adolfsen.

SJÅ VIDEO: Anne Line Gjersem kan verta fyrste kunstløpar frå Noreg i OL på 50 år. Sjå kortprogrammet hennar i EM.

Randi Himle
Journalist

– Ho gjorde alt ho kunne, så me er absolutt nøgde, sa lagleiar i Budapest Anna Pushkova til NRK.no etter løpet.

Ingen store feil

– Anne Line gjorde eit ganske godt kortprogram. Ho klarte dei vanskelege elementa utan store feil, seier internasjonal dommar i kunstløp Mona Adolfsen.

20-åringen frå Asker oppnådde ein total poengsum på 46.63 under kortprogrammet. Den tekniske poengsummen var 26.43, medan ho fekk 20.20 for prestasjonen.

Gjersem vart til slutt nummer 18 i kortprogrammet. For å få gå det avsluttande friløpet fredag, måtte ho vera mellom dei 24 beste.

Gjersem deltek i sitt tredje EM. I fjor klarte ho å kvalifisera seg til friløpet, og vart til slutt nummer 23.

Sterk mentalt

Mona Adolfsen, som òg er leiar for toppidrettsutviklinga for kunstløp, er imponert over Asker-jenta si evna til å takla press.

– Ho var nok prega av alvoret og kjende på presset, men klarte likevel å levera eit godt program, seier Adolfsen og legg til:

– Det er sterkt gjort når ho veit ho må prestera i EM.

Gjersem har synt mental styrke tidlegare. I fjor klarte ho VM-kravet i siste forsøk. 20-åringen har ikkje gått konkurranse sidan september i fjor på grunn av skade.

– Det er utruleg jamt og små detaljar som skil. Klarar Anne Line å vera mellom dei 15 beste etter friløpet, bør me vera godt nøgde.

Ikkje utteken til OL enno

Gjersem skaffa Noreg ein kvoteplass til OL i Sotsji, då ho i haust vart nummer sju i Nebelhorn Trophy. Der sette ho òg sine personlege rekordar. Gjersem er likevel ikkje teken ut enno.

Ho må prestera i EM for å overtyda Olympiatoppen. Før vurderinga til Olympiatoppen må det koma ei innstilling frå skøyteforbundet.

– Ho må visa gode resultat og framgang i EM. Ein ting er at ho bør få til trippelhoppa sine. Fyrste mål er å koma til finalen, det klarte ho i fjor. Ho bør gjenta det og gå eit godt langprogram, kor ho får til nokon fleire element. Då kan det verta bra, har Øystein Haugen i skøyteforbundet uttala til NRK.


PS! I EM deltek òg ein norsk løpar på herresida. Sondre Oddvoll Bøe er 16 år og går for fyrste gong eit løp i seniorklassen. Han går sitt kortprogram torsdag.

– Han vil nok ikkje koma til OL, men det vil vera sensasjonelt bra dersom debutanten kvalifiserer til friløpet, seier NRK sin kommentator i kunstløp Rita Morvik.

– Sondre har synt svært stabile resultat så langt denne sesongen, og er i hovudsak teken ut for å læra, seier Adolfsen.

Fått opp eit lag

Adolfsen trekkjer fram betydinga av å ha eit godt lag i ryggen. Tradisjonen har vore ein og ein utøvar.

– No har me fått fram eit sterkt lag, og det er mykje av bakgrunnen for at Anne Line er der ho er i dag, seier Adolfsen og fortel at det kjem fleire juniorar etter.

Ho trur ikkje det hadde vore mogleg utan støtte frå Olympiatoppen.

– Satsinga Olympiatoppen har lagt ned har vore avgjerande.

Utøvarane har òg vore med på eit utviklingsprosjekt i regi av Den internasjonale skøyteunionen (ISU). Laget har hatt fleire samlingar saman med nordiske utøvarar under trening med gode internasjonale trenarar.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Mesterfinalen fotball: Brann - RBK