Etter å ha teke seks poeng på dei seks siste kampane, var Manchester United ute etter å ta tre poeng mot topprivalen Arsenal.
Og sjølv om det var Arsenal som stod for kampens første sjanse, var det United som styrte kampen.
Men trass i to seine mål, var det ingen som klarte å avgjere kampen
United-press
I førsteomgang var Manchester United fleire gonger frampå og skapte problem for Arsenal. Både Mata, Martial og Valencia kunne ha sendt United i leiinga, men ingen klarte å overliste Petr Cech i Arsenal-målet.
Og på sidelinja stod Mourinho, og var tydeleg oppgitt over at laget hans ikkje fekk straffe i det Valencia tilsynelatande blei overfallen av Monreal i Arsenal-forsvaret. Men ropa om straffe kom ingen veg.
Også i den andre omgangen var United nærmast. Etter kampens beste angrep fekk Juan Mata æra av å breiside inn 1-0 til dei raude, men det var ikkje nok til å avgjere kampen.
– Vi var nær siger, men vi er nødt til å ta med oss det positive frå denne prestasjonen, sa Uniteds Mata etter kampslutt, ifølge BBC.
For eit minutt før full tid kom Chamberlain seg laus på høgresida, og fekk slått inn i boksen. Der var det Olivier Giroud som ruva desidert høgast, og sette ballen hardt i mål.
JUBEL: Juan Mata sette inn 1-0-målet for United, men det heldt ikkje heilt inn.
Foto: Toby Melville / Reuters