– Etter ein karrieredefinerande skade, så gjer du comeback i ein sprint som du kanskje ikkje skulle gå før året etter, og så vinn du med tre sekund og er misfornøgd ... Eg synest ikkje at det blir sjarmerande. Eg heia på dei som likar å vinne, og som elskar å vinne, seier Astrid Øyre Slind (34) i podkasten «Gode dagar».
Ho er Noregs beste langløpar på kvinnesida, og deltok denne helga i verdscupen på Lillehammer.
Når NRK ber ho utdjupe kvifor ho reagerer så sterkt på Klæbos oppførsel, meiner ho det handlar om inspirasjon.
Forstår det ikkje
– Eg hadde vore mykje meir euforisk viss eg hadde gått over målstreken og vunne. Han ser ut til at han har gjort det litt for mange gonger til at han gler seg så mykje over det, seier Øyre Slind.
DELTOK: Øyre Slind blei nummer 17 på 10 kilometer fellesstart i Lillehammer fredag.
Foto: Geir Olsen / NTBHo trur det kanskje har samanheng med at han er ein så rå løpar, men ho forstår likevel ikkje den store mangelen av jubel når han passerer først over målstreken.
– Det har sikkert med personlegdom å gjere, og ein skal ikkje «fake» at ein er gladare enn ein er, seier ho, men held fram:
– Når ein ser nokon ta av seg stavane og er heilt slik: «ja, då blei det ein siger til». Det er ingen rå oppleving å sjå på. Når nokon har kjempa seg gjennom og deretter vinn, så ser du at det er livets augneblink. Det smittar over på den som ser på, seier ho vidare.
– No er det snakk om at Klæbo er like suveren som Johaug var, er det fare for at herrelangrenn blir kjedeleg?
– Slik sett er det fint om russarane kjem tilbake snart, for fighten mellom Bolsjunov, russarar og nordmenn gir ein anna spenning. Det er vanskeleg å sjå kven som verkeleg skal setje Johannes på plass, for han er såpass god at det kan bli litt kjedeleg, seier ho vidare.
Lite feiring? Sjå og vurder her.
Dårleg til å feire
Etter at Klæbo gjekk i mål som førstemann i sprintfinalen på Lillehammer, var det lite jubel å skimte hjå trønderen.
Det meiner Klæbo ikkje er fordi han har blitt for sigersvant.
AVFEIAR KRITIKKEN: Johannes Høsflot Klæbo.
Foto: Heiko Junge / NTB– Eg trur at viss du ser gleda då eg tok min første verdscupsiger, så trur eg ikkje at eg feirar noko annleis no. Då var eg så nervøs for at eg skulle snakke engelsk i sigersintervjuet, at eg gjekk og tenkte på det på oppløpet, seier Klæbo til NRK, og held fram:
– No har heldigvis den frykta gått vekk, men gleda er der alltid, og det er ingenting eg tykkjer er artigare enn å vinne skirenn.
Astrid Øyre Slind meiner at Petter Northug og Bjørn Dæhlie var gode på feiringar, og saknar dei same, «råe» feiringane hjå Klæbo.
– Er det personlegdomen som gjer at det ikkje blir det same?
– Ja, eg trur det kan vere noko. Eg har aldri vore stor på feiringar. Eg prøver å krysse mållinja først, og det er fokuset. Men som sagt, går du tilbake og ser gamle videoar, så trur eg det er relativt likt, seier han.
PALLEN: Johannes Høsflot Klæbo, Federico Pellegrino og Even Northug utgjorde trioen på pallen etter sprinten i verdscupen på Lillehammer.
Foto: Geir Olsen / NTBTar Klæbo i forsvar
Svenske Calle Halfvarsson, som blei diska etter sin tredjeplass i Ruka sist helg, viser sin medkjensle overfor Klæbo.
KLÆBO-STØTTE: Calle Halfvarsson.
Foto: Heiko Junge / NTB– Han vinn jo alt, så eg skjønar at det ikkje er like moro kvar gong. Han er så overlegen. Eg trur han er glad inst inne, men han er kanskje ikkje typen som står og feirar, seier Halfvarsson.
At Petter Northug var flinkare til å feire enn det Klæbo er, trur Halfvarsson handlar om ein ting:
– Han vann ikkje like ofte som Klæbo. Klæbo vinn heile tida – alt. Petter vann mykje han òg, men ikkje i nærleiken av det Klæbo gjer no.
Even Northug meiner NRK må spørje hovudpersonen sjølv om han er lei av å vinne renn.
– Kanskje han må bli nummer to og tre framover, seier Northug, som sjølv blei nummer tre.
– Du har ingenting imot å ta over den plassen?
– Eg gjer det eg kan, i alle fall.
Søndag skal langrennsløparane i aksjon på 20 kilometer klokka. Kvinnene startar klokka 10.45, medan herrane skal i aksjon frå klokka 13.00. Det kan du høyre på NRK og følgje her.