Hopp til innhold

Gir 100.000 for kvart poeng: – Vi er i himmelen

Investor og milliardær Kjetil Holta med uvanleg poengbonus for å hjelpe Notodden til opprykk.

Kjetil Holta

GÅVMILD: Milliardær Kjetil Holta har vore med å bygge opp Notodden Fotball sidan starten i 1999.

Foto: Hauge Jon / Aftenposten

Kamal Saaliti

KAN BLI RIKE: Kamal Saliti, her i Hønefoss-drakt, har fått en ekstra motivasjon i kampen om opprykk for Notodden.

Foto: Andersen, Ståle / SCANPIX

– Det er sjølvsagt fantastisk. Dette er ein vanvittig gest frå Kjetil. Vi er i himmelen, seier dagleg leiar i Notodden FK, Per Arne Hansen.

Finansmannen Kjetil Holta har bestemt seg for å gje klubben 100.000 kroner for kvart poeng klubben tar resten av sesongen.

Motivasjonsbonusen håpar Holta skal føre 2. divisjonslaget til OBOS-ligaen.

Bygd opp klubben

Med sju serierundar igjen ligg Notodden sju poeng bak serieleiar Arendal. Men Notodden har vunne fem av dei seks siste seriekampane og er i knallform.

No vil Kjetil Holta, som er født og oppvaksen på Notodden, hjelpe klubben og spelarane til ein siste innspurt.

Med 21 poeng og full pott i dei sju siste kampane kan klubben bli 2,1 millionar kroner rikare.

Holta har vore sentral i oppbygginga av Notodden Fotballklubb som blei etablert i 1999. Milliardæren har støtta klubben finansielt sidan 2002.

51-åringen er ein del av Holta-familien som i flere generasjoner har drive industrikonsernet Tinfos på Notodden.

I 2008 selde han aksjeposten sin til det franske industrikonsernet Eramet. Holta er i dag eigar og styreleiar i Holta Invest.

– Inne i god stim

Holta melder til Notoddens eigne heimesider at han håpar dette kan motivere til at sigersrekka blir forlenga ut sesongen, og at rekneskapen kan kome i balanse.

– Men vi må ha poenga for å få pengane på konto, ler dagleg leiar Hansen.

Som fleire andre fotballklubbar i Norge slit Notodden tungt økonomisk.

– Dette gjev klubben eit positivt løft. Vi har ein spennande innspurt med sju kampar igjen. Og vi føler at vi framleis har moglegheiter til å hente laget som ligg på toppen, seier Hansen til NRK.

– Vi håpar dette kan gje oss ein sportsleg «drive». Vi har vunne fem av dei seks siste kampane, og er inne i ein god stim. Vi håpar den positive trenden kan vare, seier Per Arne Hansen.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal