Anders Mol og Christian Sørum er i Warszawa i Polen, der dei i ettermiddag skal i gang med den siste turneringa før VM.
Det norske paret toppar verdsrankinga, og 28. juni opnar VM i Hamburg. Det er første gongen at eit europeisk lag toppar rankinga inn mot eit VM.
– Det er utruleg kult, seier Mol. Det er godt å få lov til å vere banebrytar.
– Og så er det fint å sjå at Europa tek over trona for Brasil og USA, supplerer Sørum.
– Ser de på dykk sjølve som dei største VM-favorittane?
– Eg ser slik på det. Vi spelar den beste volleyballen, seier Mol.
To OL-plassar
Om dei tek VM-gull, sikrar dei ikkje berre sin eigen OL-deltaking. Det gir også ein ekstra kvoteplass til Noreg i Tokyo neste sommar.
– Det er viktig å ha to lag med. Det vil gi ein veldig «boost» for sporten i Noreg, seier Sørum.
Det norske sandvolleyballaget har vore suverene heile sesongen, og har vunne sju av sine ni siste turneringar. Dei har allereie spela inn over 3,5 millionar kroner i premiepengar i år. I tillegg kjem sponsorpengar, som i år truleg blir 2,6 millionar.
Det er ikkje verst for dei to som gambla og sette alt anna på vent for å nå toppen i sandvolleyball. Lån, bilservice, tannlege – alt blei droppa for å gå «all in» mot verdstoppen.
Råd til betre flybillettar
– Vi har ikkje heilt skjønt kor mykje pengar det er snakk om. No sparer vi. Vi er kjipe begge to, og vil ikkje bruke pengar. Så får vi sjå om det blir investering i leilegheit etter kvart, seier Mol.
Også reisemessig blir det betre tider no, med betre flybillettar på dei lange turane.
– Vi hadde ein tur frå Brasil til Noreg. Den tok femti timar, seier Mol.
– Sju fly tok vi for å få dei billigaste billettane. Det skal vi prøve å unngå no, legg Sørum til.
Suksessen til sandvolleyballparet gir større og større forventningspress, men begge meiner det er noko dei skal og må meistre. Dei vil ikkje la seg påverke av presset frå andre.
Superstjerner i Brasil
– Eg trur vi er nokså avslappa til presset, seier Sørum.
Då dei konkurrerte i Brasil nyleg, opplevde dei korleis det er å vere verdsstjerner.
– Vi har ikkje opplevd det før, men der var vi det. Folk kom og ville ha bilete og autografar. Det var utruleg moro, seier Mol.
– Var de førebudde på å bli selfieobjekt?
– Eigentleg ikkje. Når du er ung, vil du berre bli god. Du er ikkje førebudd på det som skjer rundt deg når du verkeleg har blitt god, seier Sørum.
Byggjer sandvolley-status i Noreg
No har dei sett seg som mål å byggje opp statusen for sandvolleyball i Noreg.
– Den er for dårleg. Vi vil byggje idretten vår opp og starte turnering, og få fleire til å spele, seier Sørum.
I føre veke var dei på ei turnering på Voldsløkka i Oslo – ikkje for å spele, men for å drive PR for sandvolleyball, og for å snakke med folk.
I VM opnar det norske paret mot Gonzales/Reyes frå Cuba. Brasilianske Solberg/Felipe og tyske Walkenhorst/Winter er også i gruppa.
Sørum synest det er ekstra stas med VM.
– Det er ei stor greie. Berre OL er større, seier han.