Hopp til innhold

Skifta klesstil over natta – grunnen vekker oppsikt

Gareth Southgate går ned til den minste detalj for å kunne leie England til historisk EM-gull. Landslagssjefen meiner sjølv antrekket tel, medan klesdesignar fnyser av stilendringa.

Gareth Southgate

BORT MED DRESSEN: Bildet til venstre er frå møtet med Ungarn i Qatar i 2022. Bildet til høgre er frå kampen mot Island i juni 2024.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Andrew Boyers / AP / Reuters

– Det er veldig spesielt. Eg har ikkje høyrt om nokon som har sagt det før.

Det seier NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg om endringa hos den engelske landslagssjefen Gareth Southgate.

Det er knytt store forventningar til det engelskmennene i EM. Med eit spennande og relativt ungt lag er det mange som har britane som favorittar til å gå heile vegen i turneringa.

Tok uvanleg grep

Med så mange unge talent på same lag såg Southgate seg nøydd til å ta grep. For korleis kommuniserer ein godt til unge spelarar som like gjerne kunne vore sønene til Southgate?

Jo, han valde å endre klesstil.

For i ei årrekke såg ein gjerne den engelske landslagssjefen ikledd ei dressjakke, med vest og slips under. Nå har han gått bort frå den velkledde stilen og går gjerne med meir kvardagslege genserar, utan ei dressjakke over.

53-åringen er tydeleg på at det er eit bevisst val.

– Når ein har noko på seg, så kjem du med eit visst uttrykk. Eg er klar over det nå, sa Southgate til det britiske magasinet GQ nyleg.

i6w-kkS2sW8

STILFULL FORTID: Gareth Southgate var mest kjent for dei stramme dressvestane sine. Her frå semifinalen under fotball-VM i 2018 da England rauk ut mot Kroatia.

Foto: AP

Han har nå leidd England i heile åtte år, men det går an å argumentere for at han aldri har leidd eit så stjernespekka landslag som han gjer under denne turneringa.

Bukayo Saka (22), Phil Foden (24), Declan Rice (25) og Kobbie Mainoo (19) er ein del av den yngre generasjonen som kan spele ei viktig rolle for England.

– Når du jobbar med unge gutar, vil du ikkje kle deg for stivt – verken i det du gjer eller har på deg, uttalte landslagssjefen.

Det er mange på balløya som har fått med seg stilendringa i trenarprofilen. Salet på eit av plagga han hadde på seg i GQ-saka auka med heile 130 prosent.

  • England opnar EM mot Serbia kl. 21.00 søndag. Kampen kan du sjå på TV 2 og høyra på NRK Radio.

Les også Englands «nye» flagg skaper heit debatt: – Skal ikkje tulle med flagget

r9fJD6nfn7o

Eldre mann som prøver å kle seg ungdommeleg

Men har stilendringa nokon effekt? Noregs landslagssjef Ståle Solbakken heller mot nei.

– Da trur eg at du er på dei ytste marginane, altså promille. Carlo Ancelotti (Real Madrids manager) står i den dyraste dressen og dyraste vesten og klarer framleis å få til eit behageleg miljø, seier landslagssjefen til NRK.

Les også Italia-sjefen med tirade etter NRK-spørsmål: – Det er ikke sant

Spelletti

Andreas Feet, som er skreddar og klesdesignar blant anna kjent frå NRK-serien «Symesterskapet», fnyser av Southgates stilendring.

Eg trur dette er meir skadeleg enn godt, seier Feet.

Andreas Feet

RESPEKT OG AUTORITET: Det viktigaste er at ein oppnår respekt og autoritet blant spelarane. Dei må lytte til deg og stole på deg. Det går langt forbi kleda, seier Andreas Feet som er skreddar og klesdesignar.

Foto: anders amdal

Han påpeikar at klede kan brukast som eit signal, men at det å kle seg ned for å prøve å komme spelarane i møte er eit stussleg val.

– Det blir som ein eldre mann som prøver å kle seg ungdommeleg for å passe inn med sønene sine. Det berre fungerer ikkje. Det blir eit skalkeskjul, seier Feet.

– Blir lagt merke til

Løkberg meiner på si side at klesbytet til Southgate kan ha noko for seg.

– Det er jo ikkje tvil om at ei spelargruppe responderer betre på nokon som ser gjennomført og førebudde ut kontra ein lasaron som kler på seg det første og beste og kjem ned i matsalen, seier han.

NRK-eksperten innrømmer at vi snakkar om detaljar og at det handlar om å hente ut kvar einaste prosent for å få spelarane til å prestere.

– Sånne ting blir lagde merke til i spelargruppa. Det er eit detaljnivå der han verkeleg tenker på alt. Det at han vil verke roleg og avslappa og ønsker å kjempe for dei marginane er i alle fall ikkje noko negativt, meiner Løkberg.

Han fortset:

– Kvifor ikkje gjere ting hundre prosent gjennomførte i jakta på å «ta det heim»?

Kristoffer Løkberg

HAR TRUA: NRK-ekspert Kristoffer Løkberg meiner Southgates grep har noko for seg.

Foto: Nicolai Eid Trondal

Englands herrelandslag har aldri vunne EM og dei har berre vunne fotball-VM ved eitt høve, i 1966.

– Dei er manisk opptatte av å bryte den barrieren i England. Ein vil ikkje sitte som fotballtrenar å tenke at ein ikkje ville ha gjort noko annleis. Som trenar så er ein så sjuk at ein ikkje vil la vere å snu ein einaste stein, påpeikar Løkberg.

England er i gruppe med Slovenia, Danmark og Serbia, og det er forventa at dei tar seg greitt vidare til åttedelsfinalen. Første kamp på programmet for Southgate og co. er Serbia søndag klokka 18.

Siste nytt

  • Southgate er ferdig som England-trener

    Gareth Southgate er ferdig som England-trener, det bekrefter det engelske fotballforbundet (FA) på sine hjemmesider.

    – Som stolt engelskmann har det vært en enorm ære i mitt liv å spille for England og å være manager for England. Det har betydd alt for meg, og jeg har gitt alt jeg har hatt. Men det er på tide med forandring, og for et nytt kapittel, sier Southgate i pressemeldingen.

    Han trekker seg fra jobben selv etter at England tapte EM-finalen mot Spania for bare noen dager siden. Southgate ble ansatt som trener i september 2016, og har tatt England til to EM-finaler. Han har ledet landslaget gjennom 102 kamper.

    X6_EWO3VmzI
    Foto: AP
  • Bergerud står over Spania-oppgjør: – Litt vondt i ryggen

    Norges førstekeeper Torbjørn Bergerud mister testkampen mot Spania i Gjøvik, men OL-deltakelsen er ikke truet.

    Det opplyser landslagssjef Jonas Wille til TV 2.

    – Bare litt vondt i ryggen, men ingen fare, skriver Wille i en tekstmelding.

    Ryggtrøbbel er et tilbakevendende problem for Bergerud. Målvakten har vært en nøkkelspiller for Norge gjennom mange år.

    Tirsdagens kamp mot Spania er den siste Norge spiller offentlig før Paris-OL. Lagene møtes igjen neste uke, men da skjer det bak lukkede dører.

    De norske håndballherrene starter lekene mot Argentina 27. juli. Deretter er det puljekamper mot regjerende mester Frankrike, Ungarn, Egypt og Danmark.

    (NTB)

    qc93XNmJJYk
    Foto: NTB
  • Opsahl klar for Brann – erstatter Heltne Nilsen

    Sakarias Opsahl gir seg i Tromsø til fordel for Brann. Midtbanespilleren fyller tomrommet etter Sivert Heltne Nilsen, som forlot bergensklubben forrige uke.

    Brann bekrefter overgangen i sine mediekanaler. Opsahl har inngått en avtale som varer ut 2028-sesongen.

    – Det føles helt fantastisk. Det er en nydelig by, en stor klubb og et fantastisk stadion, sier nysigneringen.

    Opsahl erstatter Heltne Nilsen, som ble solgt fra Brann til Aberdeen sist uke.

    – Sakarias er en spennende spiller med gode ferdigheter. Han kan spille både i den dype rollen på midtbanen og som indreløper. Vi håper han vil videreutvikle seg sammen med oss her i Brann, og ser fram til å følge hans videre utvikling, sier Branns sportslig leder Per-Ove Ludvigsen.

    Qnbzd8waKf0
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal