Gareth Bale gav Wales siger
Tre mål av Garteh Bale gav Wales bortesiger med 3-2 over Kviterussland i VM-kvalifiaeringa søndag.
Han innleia med å gi Wales leiinga på straffe etter berre 6 minutt. Men det såg ikkje ut til å hjelpe stort, for heimelaget snudde kampen i løpet av 92 sekund etter rundt halvtimen, og leia 2-1 ved pause.
Bale utlikna på ny straffe etter 69 minutt, og sette inn sigersmålet tre minutt på overtid.
Wales har 6 poeng på 3 kampar. Det er fire poeng bak leiande Belgia, som har spela ein kamp meir.