– Nervane var til stades (i kvalifiseringsomgangen) i går, og eg kjende det i dag også, seier Gangnes.
Han var med på det norske laget i lagkonkurransen på plast i Summer Grand Prix i polske Wisla i dag.
Han har ikkje hoppa sidan han blei skadd på trening i juni i fjor og skadde kneet.
– Det er utruleg godt å vere tilbake. Det er dette eg har sakna sidan eg blei skadd, seier Gangnes til NRK.
Han hoppa som tredjemann på det norske laget, og det gav 121 meter i første omgang og pene 127,5 i andre.
Trur på ein veldig bra vinter
Landslagssjef Alexander Stöckl likte det han såg av Gangnes i bakken i Wisla.
– Det var positivt. Han hoppar på eit ganske høgt nivå. Han er ikkje hundre prosent der han skal vere fysisk for å henge med dei beste, så det han leverte i dag, var ei veldig positiv overrasking, må eg seie.
Stöckl er nøgd med at teknikken er god nok til at Gangnes kan få ei god plassering.
– Det han må forbetre er først og fremst fysikken, optimalisere utstyret, og kanskje også jobbe litt med tekikken for å fintune det som enno ikkje stemmer heilt.
– Der som han jobbar vidare som no, trur eg det blir ein veldig bra vinter for Kenneth, seier Stöckl.
– Topp stemning når Kenneth er med
Landslagssjefen seier det er viktig for gruppa å ha humørspreiaren Kenneth Gangnes tilbake.
– Den energien han tek med seg inn i gruppa og måten han står fram som person, er veldig viktig for laget. Det er topp stemning til eikvar tid når Kenneth er med. Og han har også etter kvart mykje erfaring, seier Alexander Stöckl.
– Det er no det verkeleg tek til. For å bli stabilt god til vinteren, må eg bli betre enn det nivået eg var på før, seier Gangnes.
Slått av Polen
Norge leia lagkonkurransen til det stod att to hopp på kvart lag. Då gjekk Polen forbi og vann med 12,2 poengs margin til Norge. Tyskland på tredjeplass var langt bak.
I tillegg til Gangnes hoppa Anders Fannemel, Robert Johansson og Daniel Andre Tande for Norge.
Laurdag er det individuell konkurranse i Wisla.