NRK Meny
Normal

Kenneth Gangnes: – Håpar vi får hoppe 140 m i morgon

Kenneth Gangnes hadde lengste hoppet og vann kvalifiseringa i Bischofshofen. Det gir gigant-duell onsdag.

Kenneth Gangnes vant kvalifiseringen i Bischofshofen

BEST: Kenneth Gangnes var både lengst og best i kvalifiseringa i Bischofshofen

Gangnes landa på 138,5 meter, og fekk tre tideler betre poengsum enn Peter Prevc, som hoppa 137,5. Det gav nordmannen 2000 euro i premie.

– Ja, no går det på skinner. Det er berre å halde fram og håpe at det gjer det i mrogon også, seier Gangnes til NRK. Den sindige totningen har hoppa på seg mykje sjølvtillit under hoppveka.

– Sjølvtilliten er OK pluss, seier Gangnes.

Han slo Michael Haybök, mannen han kjempar med om tredjeplassen i hoppveka. Peter Prevc og Severin Freund er for langt unna. Men mellom gangnes og Hayböck skil berre 1,2 poeng.

Håpar på 140 meter

– Men det er i morgon det gjeld. Det blir ein tett kamp, så eg må ut med noko av det beste eg har, seier han til NRK.

– Eg håpar dei let oss få hoppe ned mot 140 meter i morgon, seier Gangnes, som i prøveomgangen landa på 143,5 – over bakkerekorden. Men offisielle bakkerekordar kan berre setjast i renn eller kvalifisering.

Rein norsk duell

Det betyr at nordmannen må møte Severin Freund i den siste duellen i rennet i morgon. Der får vi også ein rein norsk duell: Tom Hilde mot Anders Fannemel.

Også Johann Andre Forfang og Joachim Hauer gjorde det godt i kvaliken i Bischofshofen. Dei delte sjuandeplassen. Hauer fekk 137,5 meter i sitt hopp.

– Det var eit kjempehopp. Eg skal vere kjempefornøgd om eg blir blant topp ti i morgon, sa Hauer til NRK.

Alle nordmennene er klare for rennet onsdag.

Norske duellar:

  • Tom Hilde - Anders Fannemel
  • Daniel Andre Tande - Gregor Deschwanden, Sveits
  • Andreas Stjernen - Mackenzie Boyd-Clowes, Canada
  • Joachim Hauer - Shohei Tochimoto, Japan
  • Johann Andre Forfang - Andreas Kofler, Austerrike
  • Kenneth Gangnes - Severin Freund, Tyskland

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM i bryting
4-4-2 Eliteserien fotball: Sarpsborg 08 - Strømsgodset