– Det er flautt. Lite profesjonelt. Sponsorar, fans og TV-kanalar set av dagen sin, så er det dette som blir levert. Skammeleg og respektlaust, seier Christiansen til NRK.
Han er Noregs tredje beste sjakkspelar, og er så lei av kjedeleg sjakk at han har slutta å følgje fleire av dei store stjernene. Då han skrudde på gårsdagens kamp mellom Tejmur Radzjabov og Jan Nepomnjasjtsjij fekk han eit bevis på kvifor.
Duoen, som spelar kampen om tredjeplassen, vart samde om fire remisar på svært kort tid.
– Dei var ferdige med heile kampen (fire parti) då Magnus Carlsen hadde spelt eitt parti, seier Christiansen opprørt og legg til:
– Ein kan ikkje halde på sånn.
«Deprimerande» og «flautt»
Dei fire partia varte i 15, 11, 15 og 14 trekk, fleire av dei var over før dei hadde spelt eitt minutt.
– Kvifor spelar dei på denne måten? Det er eit mysterium for meg, sa Peter Leko under analysen sin på chess24.
På internett henta fleire profilar fram tyngre skyts:
– Deprimerande, melde Tarjei Joten Svendsen, sjakkjournalist i chess24.
– Eg skjønar ikkje kvifor dei organiserer turneringar der spelarane ikkje ønskjer å spele, tvitret stormeister Alex Colovic.
– Flautt, skriv Johan Sebastian Christiansen.
12 x remis
VM-kampen mellom Magnus Carlsen og Fabiano Caruana i 2018 enda med tolv remisar, noko som gav sjakkprofilane i verda meir å gruble på. Fleire turneringar har prøvd å finne løysingar, mellom anna ved å gi fleire poeng ved avgjorde parti.
Det vart mellom anna gjort i Norway Chess.
Likevel kan det ikkje samanliknast, meiner Christiansen.
– Dette er fiksa før partia, at dei berre skal bli ferdige. Det er dei same partia som blir spelte, nøyaktig same trekk.
Radzjabov prøvde å komme med ei forklaring.
– Det vart ein kort dag og eg fekk tid til å lese kommentarar frå amatørspelarar om dagens parti, skreiv Radjabov på Twitter, følgd av emneknaggane #amatørkommentarar og #gøy.
– Det er ingen som skjønar kva det betyr, seier Christiansen.
Nordmannen blir særleg opprørte fordi det finst yngre, talentfulle sjakkspelarar som gjerne vil ha ein plass i desse turneringane.
– Dei som får sjansen, dei gir gass. Eg vil sjå spennande parti med ein ordentleg kamp. Det er så mange som vil spele og det er store pengepremiar, seier han.
Håpar på straff
Christiansen har tidlegare samarbeidd med det nederlandske stjerneskotet Jorden van Foreest som er av same oppfatning.
– Eg håpar spelarar som ikkje viser kampvilje blir straffa framover, meiner van Foreest.
– Det skal ikkje vere nødvendig å ha ei løysing på dette. Dei er proffe sjakkspelarar. Det er naturleg å møte opp, spele og dra heim. Viss ikkje får ein innføre bøter og utestengingar. Eg skjønar ikkje kvifor desse spelarane blir inviterte vidare, seier Christiansen.