– Eg synest det grenser til ureieleg spel. Viss me trekker det litt langt så er det ein underbyggande form for korrupsjon det her, seier kretsleiar i Norges Fotballforbund (NFF) Hordaland, Tore Christian Gjelsvik til NRK.
Maktspelet om boikotten av fotball-VM i Qatar har verkeleg skote fart. Det endelege svaret på om Norge vil boikotte meisterskapet til neste år får me kanskje på fotballtinget 20. juni. Og det er Norsk Supporterallianse (NSA) sitt siste grep som får Gjelsvik til å reagere.
DÅRLEGE FORHOLD: Det er dei dårlege arbeidsforholda til gjestearbeidarane i Qatar som er årsaka til forslaget om boikott.
Foto: Kai PfaffenbachFor organisasjonen som meiner at Norge bør boikotte meisterskapet tilbyr seg no å melde seg inn i klubbar som ikkje har moglegheit til å stille på tinget.
– Korrupte handlingar
Gjelsvik reagerer sterkt på framgangsmetoden til organisasjonen.
– Eg vil kalle det ureieleg og eg vil nesten kalle det korrupte handlingar. Greitt, det kan vere innanfor lovens reglar at du melder deg inn i klubben ein månad før du skal representere den, men eg tenker at her må klubbane sjølv få lov til å bestemme, seier Gjelsvik.
NSA er absolutt ikkje einig.
– Korrupsjon!? Haha, det er det berre å le av. Det er ikkje nærleiken av korrupsjon eller noko sånn. Det å eventuelt få til nokre breidderepresentantar er berre ein konsekvens av at forbundet foreslår eit fysisk ting. Alt skal sjølvsagt bli gjort i samsvar med forbundets lovar, svarer organisasjonens talsperson Ole Kristian Sandvik.
– Så vidt eg kan sjå er dette første gong Norges Fotballforbund bruker ordet korrupsjon i Qatar-samanheng. Det skjer når nokon supporterar prøver å hjelpe breiddeklubbar med å stemme i eit viktig, demokratisk val – berre ved å følge NFFs eigne vedtekter, seier Bjørnar Posse Sandboe i NSA.
Både Sandvik og Gjelsvik sit i det eksterne utvalet, som kjem med sin rapport 18. mai.
Generalsekretær i NFF, Pål Bjerketvedt, fortel at dei ikkje kjem til å forsøke å stoppe tiltaket til NSA.
VIL IKKJE STOPPE DET: Generalsekretær i NFF, Pål Bjerketvedt, meiner initiativet til NSA er spesielt, men NFF vil likevel ikkje forsøke å stoppe det.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Det er ikkje heimel i lovverket for å stoppe det her. Det her er ein del av demokratiet, men demokratiet er ikkje meint til å fungere på den her måten, seier Bjerketvedt.
Fysisk oppmøte
Bakgrunnen for tiltaket, er ifølge NSA basert på saka til VG på laurdag. Der kom det fram at NFF ønsker fysisk oppmøte på fotballtinget.
– Eit fysisk ting vil gjere at fleire av breiddeklubbane som har sagt at dei ønsker å kome på forbundstinget ikkje vil ha moglegheit til å dra sjølv, anten på grunn av økonomi eller på grunn av koronaen, fortel Sandvik.
KONSEKVENSAR: Talsperson i Norsk Supporterallianse, Ole Kristian Sandvik, meiner NFF må forvente at organisasjonen tar grep når dei oppmodar til fysisk oppmøte på fotballtinget.
Foto: Oda ScheelI mars hadde fotballforbundet ekstraordinært ting. Det blei gjennomført digitalt, og Sandvik opplevde at det gjekk knirkefritt. Han synest derfor det er merkeleg at NFF no vil ha eit fysisk oppmøte.
– Forbundet veit veldig godt at det er mange breiddeklubbar som ikkje har moglegheit til å møte opp fysisk og det er desse klubbane som støttar ein boikott. Forbundet veit veldig godt at eit fysisk forbundsting vil gjere at det er større sannsyn for at dei får vilja si, meiner Sandvik.
– Smittesituasjonen er på veg i riktig veg, og at ein i midten av juni kan legge til rette for fysisk ting bør det ikkje vere noko i vegen for. Det er ikkje nytt at det er eit fysisk ting, når det er tillaten og tilrettelagt for det, så bør det vere som det har vore i alle år, svarer Gjelsvik i NFF.