Hopp til innhold

Full forvirring i ro-miljøet: Her er Skarsteins nye konkurrent

Para-klatrar Eva Mol (38) var nyleg i München for å bli klassifisert i para-roing. Testinga blei godkjent, og no skal ho konkurrere i Birgit Skarsteins klasse.

Eva Mol, paraklatrer fra Nederland. Nå klassifisert for PR1, pararoing.

NY KONKURRENT: Eva Mol er blitt klassifisert som PR1-roar. Her frå klatreveggen.

Foto: Instagram @wollygoesworldwide / PRIVAT

– Når eg klatrar, brukar eg beina, fortel Eva Mol til NRK.

Nederlendaren har para-klatring som hovudidrett, men ville byrje med roing for å auke uthaldet, få lengre treningsøkter, og forhåpentlegvis oppfylle draumen om paralympisk deltaking.

Per no er ikkje para-klatring ein paralympisk grein.

Først blei Mol klassifisert nasjonalt som PR1-roar, og etter besøket på ro-stadionet i München under EM, har ho fått sin internasjonale «lisens».

Det betyr at Mol framover skal konkurrere i same klasse som mellom anna Birgit Skarstein og israelske Moran Samuel, som ikkje har noko kjensle frå hofta og ned.

Det skapar stor forvirring retta mot systemet.

Reagerer

NRK har tidlegare denne veka skrive om regelendringa i klassen til Skarstein.

Tidlegare har det vore ein klasse for utøvarar som berre kan bruke armar og skuldrer, men no har dei opna for utøvarar med styrke i beina, til trass for at regelverket ikkje er endra skriftleg på noko vis.

Det blei ein vitne til under verdscupen i polske Poznań tidlegare i sommar. Italienske Giacomo Perini deltok for første gong i PR1-klassen, og sette ny verdsrekord med nesten 20 sekund.

Sølvvinnaren frå Paralympics, Moran Samuel, brenn inne med mange spørsmål etter at ho fekk høyre om at ein para-klatrar er klar for ro-klassen PR1.

Moran Samuel under EM i München

RETTFERD: Moran Samuel er utøvarar-representant, og oppteken av rettferdig konkurranse.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

– Kor mykje påverkar bruken av bein i ein båt? Mykje, om du spør meg. Korleis kjem dette til å prege ein klasse som i hovudsak blei skapt for armar og skuldrer? spør Samuel NRK.

Ho understrekar at ho ikkje har vonde kjensler mot Mol. Ho har blitt klassifisert inn i PR1, og fortener den plassen like mykje som alle andre.

– Eg har ingen skuldingar mot utøvarar i denne klassen. Det handlar ikkje om utøvarane, men systemet. Utøvarane blir klassifisert, og får ro. Dei treng ikkje unnskylde seg for det, men det internasjonale forbundet må tenkje over dette, seier ho vidare.

Les også: Skarstein fortvilar over regelendring: – Som å opne kvinneklassen for mannfolk

Roing Mediedag
Roing Mediedag

Like frustrert

Eva Mol forstår frustrasjonen. Ho har sjølv kjent på same frustrasjon då hennar klatre-klasse opna for at utøvarar med funksjonsnedsetjing i to delar av kroppen kunne delta. Før var det eit krav om fire.

Eva Mol

LIDENSKAP: Sommarferien til Mol blei brukt i fjellveggane i Sveits.

Foto: @wolleygoesworldwide / PRIVAT

– Eg vart kjempefrustrert då den endringa først kom. Men kva skal eg gjere med det? Det er truleg ingen som har same funksjonsnedsetjing som meg, seier Mol til NRK.

Ho er usikker på om systemet er godt nok.

– I ein optimal verd burde det vore fleire sportsklasser, seier ho.

Mol har ein progressiv muskelsjukdom, som gjer at ho har nedsett styrke i overkroppen, armar, bein og fingrar.

– Eg kan stå oppreist og gå litt om eg brukar protese eller krykkjer, men vanlegvis brukar eg rullestol. Når eg ror, kan eg presse litt med beina, men eg har så lite styrke at det eigentleg ikkje er til noko nytte, seier ho.

Hennar raskaste tid rodd på 2000 meter er 12 minutt og 21 sekund, omtrent to minutt bak Skarsteins bestetid. Om det nokon gong skulle skje at ho tek nye rekordar, er ho klar på ein ting:

– Eg er veldig for å jamne ut konkurransen. Om det så skulle skje at eg bryt rekordar, så vil eg rette merksemd rundt det, for eg tykkjer ikkje det er rettferdig, seier Mol.

Eva Mol

IVRIG: Eva Mol byrja å klatre allereie som ung. Då ho var 18 år var det ikkje lenger mogleg å konkurrere mot funksjonsføre.

Foto: @wollygoesworldwide / PRIVAT

Ny tolking

Mette Berg, som er rådgivar i Noregs idrettsforbund, har undersøkt regelverket til Det internasjonale roforbundet etter all forvirringa dei siste dagane.

Vi har jobba litt for å sjå om det ligg noko skriftleg nokon stad, om det er nokre endringar som er blitt sendt ut, som har gått oss hus forbi. Så langt vi klarar å finne ut av, så har vi ikkje blitt gjort merksam på desse endringane, fortel Berg.

Det bekreftar også Rebecca Morr i Det internasjonale ro-forbundet til NRK.

– Vi har vore i kontakt med den norske leiren for å diskutere deira spørsmål og bekymringar, og diskuterer gledeleg vidare om dei ynskjer det. Det har ikkje vore nokre endringar i nokon av dei tre para-roing-sportsklassene sidan 2009, skriv Morr i ein e-post til NRK.

Utøvarar som tidlegare har blitt klassifisert inn i PR1, har fått den plassen som følgje av ordlyden i regelen.

I år har regelen blitt tolka på ein ny måte, og det stussar Berg på.

International Paralympic Committee (IPC) har ein «athlete code of classification», som alle paralympiske idrettar er pliktige til å følgje. I det reglementet står det ganske klart, at endringar i klassifiseringssystemet skal bli varsla både til dei nasjonale særforbunda og NIF. Eg er mottakar av slike varslingar, og eg har ikkje motteke noko slik form for varsling, forklarer Berg og understrekar:

– Dette er ikkje ein endring i klassifiseringssystemet slik som eg har blitt fortald, men det står òg at andre endringar som kan ha innverknad på tildeling av klasse skal bli varsla. Og så vil dette vere eit tolkingsspørsmål. Kva er andre endringar? I min verd er det å bruke beina når du ror, og det å ikkje bruke bein når du ror, to forskjellige ting. Eg vil seie at det er ein såpass stor endring, at dei nasjonale forbunda og IPC òg skal informerast.

Les også: Gabriel (17) trudde han var para-symjar i fleire år: – Hamna ein stad eg ikkje burde ha vore

Gabriel Steen
Gabriel Steen

I para-roing er det tre klassar, i motsetnad til andre idrettar som har 10 eller fleire ulike kategoriar. Det fører til at dei tre klassane, som differensierer funksjonsnedsetjinga til kvar enkelt utøvar, har vorte vanskeleg å skilje.

Den norske leiren meiner at det internasjonale forbundet burde stilt seg bak ein høyringsprosess før dei opna for ein ny tolking av regelen.

Det er det ro-forbundet i Noreg no jobbar med å få gjennom.

– Vi må sjå om det har blitt gjort ein formell feil. Det internasjonale forbundet seier at det er eit tolkingsspørsmål, men i klassifiseringssystemet står det at alle endringar som kan innverke klassifiserings-tildelinga skal bli varsla, ha ein høyringsfrist og at alle skal få ein anledning til å kome med kommentarar og forslag til eventuelt nye endringar eller ordlyd. Det kan tyde på at det har ein ikkje gjort, seier Berg.

Les også: Hevdar utøvarar juksar for å hamne i lettare klasse: – Det same som doping

LynyDILkcNE
LynyDILkcNE

Siste nytt

  • Friidrettsstjernenes sjef åpner for å bli Bjervig-erstatter

    Friidrettstoppen Erlend Slokvik sier han vil lytte dersom Norges Skiforbund skulle ønske ham som Espen Bjervigs erstatter som langrennssjef.

    Det er Adresseavisen som har spurt Slokvik hvordan han ville stille seg til en eventuell henvendelse fra skiforbundet.

    – Blir jeg forespurt, vil jeg vurdere det. Har foreløpig kontrakt i friidrett fram til Paris-OL i 2024, sier friidrettstoppen til avisen.

    Slokvik har vært sportssjef i Norges Friidrettsforbund siden 2018. (NTB)

    Erlend Slokvik på en pressekonferanse.
    Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • Nederlandsk storkamp ble avbrutt etter skandalescener – skal fullføres for tomme tribuner

    De resterende 35 minuttene av søndagens storkamp i nederlandsk fotball mellom Ajax og Feyenoord skal spilles bak lukkede dører kommende onsdag.

    Det opplyser fotballforbundet i Nederland mandag.

    Søndagens oppgjør ble avbrutt tidlig i annen omgang fordi det ble kastet bluss på banen. Da ledet Feyenoord 3-0, og sinte Ajax-tilskuere sto bak uroen på tribunene. Tidligere i kampen var oppgjøret også stanset to ganger, for så å bli gjenopptatt.

    Etter avbrudd nummer tre kom det raskt beskjed om at kampen ikke ville bli spilt ferdig søndag, og publikum forlot dermed arenaen.

    På utsiden fortsatte voldelighetene. Rasende Ajax-fans knuste stadioninngangen, og det endte med kamper mellom supportere og ridende politi bevæpnet med tåregass.

    De stygge scenene representerte et nytt bunnpunkt i den krisen Ajax står i. Storklubben sliter både på og utenfor banen. Med bare fem poeng på fire kamper har det nederlandske mesterlaget opplevd sin dårligste start på en sesong siden 1964/65. (NTB)

    Ajax
    Foto: OLAF KRAAK / AFP
  • Landslagsstopperen Andreas Hanche-Olsen ute med ankelskade i opptil seks måneder

    Andreas Hanche-Olsen trenger en operasjon i ankelen og blir ute i lang tid. Det gjør ham nok en gang uaktuell for landslaget.

    Nyheten ble sluppet av Mainz etter helgens 1-2-tap for Augsburg i tysk Bundesliga. I meldingen står det at Hanche-Olsen først er ventet tilbake om fire til seks måneder.

    – Avgjørelsen ble tatt i samråd med det medisinske teamet og flere spesialister, skriver Mainz.

    Hanche-Olsen var ikke i troppen til Mainz' to siste ligakamper. Ankeltrøbbel gjorde at han mistet seriestarten og har siden kun spilt 65 minutter. Hans seneste opptreden kom da han ble tatt av i pausen mot Werder Bremen 2. september.

    Midtstopperen står med 14 landskamper for Norge, og den siste kom i september i fjor. Sykdom og skader er årsaken til at han ikke står med noen kamper for Ståle Solbakkens lag i 2023.

    – Det er jo maks utur, men vi var litt forberedt på det. Da han fikk det overtråkket, så ble det jo ikke bra. Da fryktet vi at det endte med operasjon, sier Solbakken til Nettavisen. (NTB)

    Landslagstrening på Ullevaal
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Ustoppelige Pellegrino 00:35
Neste