Dermed blir Norges landslagskaptein Stefan Johansen Premier League-spelar frå hausten av.
Men det var eit skår i gleda for Johansen. Snautt 20 minutt før slutt måtte han hinke av bana. Det er uvisst kor stor skaden var, men han var iallfall ute på bana for å gratulere lagkameratane med sigeren.
Playoff-finalen på Wembley er ofte rekna som den mest lukrative enkelt-fotballkampen i verda. Kredittvurderingsfirmaet Deloitte har rekna ut verdien av årets kamp til nærmare 1,7 milliardar kroner, langt over verdien av meisterligafinalen.
Heldt unna med ti mann
Tom Cairneys mål midt i første omgang gav Fulham den innbringande sigeren, og Stefan Johansen var sterkt involvert i oppbygginga til scoringa. Trass i at Denis Odoi blei utvist 20 minutt før slutt, heldt Fulham unna og vann. Dei er dermed tilbake til Premier League etter fire sesongar på nivå 2.
Fulham var også nær ved å ta ein av dei to direkte opprykksplassane. Men etter ein liten formsvikt i innspurten måtte dei sjå seg slått av Cardiff. Det er heilt sikkert gløymt i kveld.
Dermed får også landslagssjef Lars Lagerbäck ønskjet sitt oppfylt.
– Han har hatt det godt i Fulham og championship. Men det seier seg sjølv at det er best at han spela i Premier League, sa Lagerbäck om sin kaptein til NRK i går. I dag fekk han ønskjet sitt oppfylt.
Og han håpar at skaden ikkje er alvorleg. Norge skal møte Island og Panama i to kampar tidleg i juni, dei to siste oppkøyringskampane før Nations League tek til i september.
Då har Lagerbäck sin kaptein i Premier League.