– Dei får 20 sekundars forsprang. Viss nokon slår meg får dei 1000 kroner.
Frank Løke trippar litt smånervøs rundt på start på friidrettsbanen utanfor sin nye heimebane. Han er på sin aller fyrste trening med Drammen HK og er klar for testløp der det står enda litt meir på spel enn berre prestisje.
– Kvart testløp blir eit veddemål. For kvart løp aukar eg med 500 kroner til den som slår meg. Eg skal jo vere her i tre år så det kan jo bli ein fin pott til slutt, seier han og røper at han er litt meir nervøs no enn vanleg.
Maraton på under tre timar
Etter 12 år i utlandet i både Tyskland, Sveits, Kroatia og Danmark har Frank Løke no kome heim til norsk eliteserie igjen. Når Drammen serieopnar mot Elverum 2. september er det ein heilt anna utgåve av den strekspelaren me såg avslutte landslagskarrieren med VM i Sverige i 2011.
For 35-åringen har verkeleg blitt bitt av løpebasillen.
Det siste året har han mellom anna blitt nummer fem i klassa med tida 5,26 på 60 kilometer lange Ultrabirken, og sprunge Oslo maraton på 2,53. Ei imponerande tid av ein mann på 90 kilo. Til samanlikning sprang beste nordmann på 2:28:37.
– Det er jo på hobby og amatørnivå enno, men eg synest det er veldig gøy. Eg er glad i å presse kroppen og sjå kor langt ein kan tøye strikken.
Og slik har det nok alltid vore i den svært idrettslege familien Løke, men skikkeleg løpetrening starta ikkje Frank med før han hamna i kulda i hans førre klubb, TuS N-Lübbecke.
– Det siste året blei litt spesielt. Eg og trenaren kom ikkje så godt overens og eg blei sett litt til side. Vanlegvis gjekk eg å trena annakvar dag i styrkerommet, men det var det ikkje moglegheit til lenger. Ekstra trening blei slått hardt ned på og det førte til at eg heller sneik meg ut for å løpe i skogen og fekk smaken på det, fortel han.
Plutseleg kom lysta og etter kvart også forma til å delta i løp. 18 kilo forsvann på den 1,93 lange strekspelaren.
– Er det ein fordel med betre kondisjon eller ein ulempe med mindre tyngde for deg som strekspelar?
– I nokre situasjonar skulle eg nok gjerne hatt nokre ekstra kilo. Men eg har aldri vore i betre form kondisjonsmessig og beveger meg meir, orkar meir og spring fortare. Eg trur det kompenserer for dei negative sidene.
Veddemålet vann han enkelt med ny klubbrekord med 7.35 på 2400 meter. No har Frank Løke sitt store mål utanfor handballbanen.
– Sahara Maraton hadde vore veldig moro å vere med på, slår han fast om løpet som har blitt kåra til verdas hardaste.