Lagerbäck fekk spørmål om filming på bakgrunn av Joshua Kings gule kort i landskampen på Ullevaal i går. Landslagssjefen fryktar filming frå motstandarane når Island møter Portugal i sin første kamp i EM.
– Vi har sett nokre portugisarar som filmar. Dei har ein av dei beste spelarane i verda, som også er ein svært dyktig skodespelar. I meisterligafinalenen såg vi også ein som godt kunne søke seg til Hollywood. Eg likar ikkje slikt, sa Lars Lagerbäck.
– Det håpar eg at vi slepp å sjå. Eg håpar dei tek til å video-kontrollere kampar i ettertid for å straffe slikt, seier han til NRK.
– Synest du det var grov filming av King?
– Det såg eg ikkje godt nok frå der eg sat.
– Vi stod og såg på
Han let seg imponere av deler av det norske spelet.
– Dei var aggressive, og vann mange andreballar når vi bere stod og såg på. Frå starten av var vi for lite kompakte i vårt forsvarsspel, og ved fleire av måla var vi altfor passive. Det må sitje når vi kjem til EM, seier Lagerbäck. Island møter Liechtenstein i sin siste kamp før EM.
– Men for oss handlar det no om å «få i gang» alle spelarane, legg han til.
Fryktar ikkje for EM
Islands veteran og superstjerne Eidur Gudjohnsen fryktar ikkje at 3-2-tapet på Ullevaal skal ha noko å seie for Island i EM.
– Det viktigaste er at vi gir alle spelarane kamptrening. Fleire av dei har gått lenge utan kamp, og nokre av dei har også vore skadde. Mange av dei som spela i dag, har ikkje spela mange minutt dei siste seks vekene, seier han.
– No skal vi bruke dei to neste vekene til å finstille det som trengst, og til å vere saman som ei gruppe. Timinga for denne kampen var perfekt, legg Molde-spelaren til.
– Vi mangla energi
Men han medgir at det var mykje som svikta mot Norge.
– Det var fleire ting som ikkje fungerte i dag. Balansen var ikkje god nok, og vi gav dei for stor plass. Vi kunne spela mykje betre, men vi mangla energi. Men det er ikkje noko vi uroar oss mykje over, seier Eidur Gudjohnsen.
– Kva er målet i EM?
– Å gå inn i kvar kamp slik vi gjorde i kvalifiseringa, seier Gusjohnsen. Island tok seg sensasjonelt til EM frå ei kvalifiseringsgruppe med så sterke fotballnasjonar som Tsjekkia, Tyrkia og Nederland.
– Gjer vi det, kjem vi vi så langt vi fortener i EM.