Hopp til innhold

Fryktar Niemann-saka er «toppen av isfjellet»: – Skal dei få sleppe unna?

Sjakkekspertar er overtydde om at det finst store mørketal for tilfelle av juks. Atle Grønn meiner berre dei «dummaste» blir tekne.

Torstein Bae og Hans Niemann

REAGERER: Torstein Bae stussar over at fleire sjakkspelarar slepp unna når dei juksar.

Foto: Erik Johansen / NTB / NRK

– Eg er heilt sikker på at det er enorme mørketal, det er ikkje eit spørsmål eingong. Desse juksealgoritmane tek berre dei klare tilfella, seier Grønn.

Tysdag kom ein knusande rapport frå nettstaden Chess.com, der dei hevda at Hans Niemann (19) har juksa i fleire enn 100 parti.

Mellom anna skal amerikanaren ha juksa i ei turnering der han spelte for det norske laget «Norway Gnomes».

Men sjølv om det ikkje er mange store sjakkstjerner som er tekne i juks dei siste åra, trur fleire at det kan vere store mørketal når det gjeld juks både på nettet og ansikt til ansikt.

– Viss ein tek Niemann-saka, så viss Chess.com meiner det er juksa i ca. 100 parti, så betyr det ikkje nødvendigvis at det ikkje er juksa i 500 parti eller 1000 parti, seier Grønn.

Han held fram:

– Algoritmane tek dei enklaste tilfella. Dei som blir tekne er dei dummaste juksarane, og dei som juksar litt smartare vil ha betre sjanse til å sleppe unna.

NRK har vore i kontakt med Niemann om skuldingane, men han har førebels ikkje svart på førespurnadene.

Juksarar blir anonymiserte

Den nylege rapporten om Niemann var på over 72 sider og vart sleppt av Chess.com.

Rapporten slo fast at Niemann sannsynlegvis har fått ulovleg hjelp i meir enn 100 nett-parti. Dette skal ha skjedd så nyleg som i 2020.

Men Grønn er usikker på kor langt bak i tid ein bør gå for å ta tidlegare juksarar.

– Chess.com tek rundt 20.000 juksarar kvar månad, men dei fleste er på ekstremt lågt nivå. Det er folk som dumpar innom sjakken via TV-serien Queen's Gambit og vorte inspirert. Så set dei seg ned, speler og tek fram mobilen, men så tenkjer dei ikkje på at dei bryt den største æreskodeksen som finst i sjakk. Mange av desse er ikkje sjakkspelarar, eigentleg, forklarer Grønn.

Atle Grønn
Foto: Fredrik Hagen / NTB

Han viser til at det skal finnast hundrevis av storspelarar som har juksa over nett, men at vi ikkje har mange av namna.

Anonymiteten av juksarar blir også poengtert i VG, der avisa har vist til ein e-post frå Chess.com-rapporten. Den viser ein sjakkspelar som er teken for juks, men blir anonymisert fordi han innrømde og beklaga juks overfor Chess.com. Den anonyme spelaren blir skildra som ein av dei beste sjakkspelarane i verda.

Les også: Sjakkstjerne hevdar ho har løysinga for å fjerne juks for godt

Sjakkspiller Susan Polgar
Sjakkspiller Susan Polgar

Fire toppspelarar tekne i juks

TV 2s sjakkekspert Jon Ludvig Hammer, som var ein del av «Norway Gnomes» saman med Hans Niemann, trur det finst mange tilfelle dersom ein går hardt til verks og ser tilbake i tid.

– Juks i internett-sjakk er det ikkje eit så uvanleg fenomen som vi kanskje håpar. Viss ein leitar med dei forbetra metodane ein har no, så tippar eg vi ein vil finne andre tilfelle, òg. Dessverre, seier Hammer til NRK.

Jon Ludvig Hammer

FORTVILAR: Jon Ludvig Hammer meiner juks over nettet skjer oftare enn mange trur.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Har dette vore eit stort problem på nettet?

– Eg veit ikkje om eg vil kalle det store problemet. Men alle tilfelle av juks er eit stort problem. Sjølv om talet som juksar er lite, er problemet stort kvar gong det skjer.

Rapporten frå Chess.com seier det er fire blant topp 100 sjakkspelarar i verda som har vorte teke for juks.

Torstein Bae, sjakkekspert for NRK, meiner at tilfellet med Niemann kan vere «toppen av isfjellet».

– Chess.com har sjølv offentleggjort at dei tek tusenvis av spelarar kvart år for juks. Det er mange på eit svært høgt nivå som juksar. Vi veit det er mykje juks i spel på nettet, og det er lett å gjere det med eit anna vindauge oppe eller med mobilen. Det er nok litt av utfordringa til forbundet, for om dei skal straffe Niemann hardt for dette – kva med dei andre tusen juksarane? Skal dei få sleppe unna? spør Bae.

Les også: Niemann skal ha jukset på norsk lag: – Trist

Niemann og Carlsen
Niemann og Carlsen

Han avsluttar med at dei no også får ein jobb med å avsløre juks ansikt til ansikt.

I Niemanns tilfelle er alle skuldingane om juks over nettet.

Striden omkring Niemann starta då Magnus Carlsen førre månad trekte seg frå Sinquefield Cup etter eit tap for amerikanaren. Han antyda gjennom ei kryptisk melding i sosiale medium at årsaka var juks. Seinare har han utdjupa dette og gjort det klart at han ikkje vil spele mot Niemann fordi han mistenkjer amerikanaren for å jukse.

Ifølgje Chess.com innrømde Niemann juks i ein privat samtale med representantar frå sjakknettstaden i 2020. Etter Sinquefield Cup i september erkjende Niemann at han tidlegare har juksa to gonger på Chess.com. Sjå kva han uttalte i faktaboksen under.

Siste nytt

  • Australian Open tar grep etter kritikk – får én ekstra dag

    Australian Open skal for første gang starte på en søndag og utvides til 15 dager. Tiltaket gjøres for å unngå tenniskamper som varer hele natten.

    Det opplyser Grand Slam-arrangøren tre og en halv måned før turneringen går i gang. Grepet betyr at åpningsdagen framskyndes med ett døgn og legges til 14. januar.

    – Vi har lyttet til tilbakemeldingene fra spillere og fans, og vi er glade over å kunne gi en løsning på sene kampavslutninger, sier Australian Open-direktør Craig Tiley.

    Han mener den ene ekstradagen vil gi et mer rettferdig oppsett. Nattkampene forsvinner ikke helt, men det blir færre av dem. Håpet er at man unngår oppgjør som strekker seg mot morgentimene.

    I årets utgave spilte veteranen Andy Murray og Thanasi Kokkinakis til klokken 04.05. Etterpå omtalte Murray det som «en farse».

    Australian Open er ikke den første Grand Slam-turneringen til å utvide til 15 dager. Roland-Garros har allerede det antallet, mens Wimbledon og US Open fortsatt holder seg på 14 dager. (NTB)

    Australian Open Djokovic
    Foto: Andrew Brownbill / AP
  • Ødegaard og Arsenal skal ha ventet fem timer på flyplassen

    Først sent mandag kveld kom Martin Ødegaard og resten av Arsenal-leiren seg av gårde til Frankrike. Dårlig vær forsinket avreisen kraftig.

    Opprinnelig skulle Premier League-lagets fly ha tatt av klokken 16.15 britisk tid, men det tok fem timer før det faktisk skjedde. Det melder Arsenal-kjenneren Kaya Kaynak i Football.London.

    Ettermiddagen og kvelden ble tilbrakt på flyplassen i Luton. Forsinkelsen førte til at Arsenals obligatoriske pressekonferanse dagen før mesterligakampen mot franske Lens måtte avlyses.

    Heldigvis for Arsenal-leiren skulle de ikke ut på en langtur. Selve flyreisen til Lille ble gjort unna på under tre kvarter.

    Arsenal fikk en pangåpning på Champions League-comebacket etter over seks år utenfor turneringen. PSV Eindhoven ble knust 4-0 i den første puljekampen. Lens og Sevilla er de to andre lagene i gruppen. (NTB)

    Martin Ødegaard
    Foto: HENRY NICHOLLS / AFP
  • FIS øker premiepotten for langrenn

    Det skal lønne seg å delta i flest mulig verdenscuprenn. Pengepremiene for de beste sammenlagt i langrenn økes.

    – Potten til de beste i sammendraget går opp. De får mer penger. Dette gjøres for å stimulere til best mulig deltakelse gjennom vinteren, sier Ulf Morten Aune til NTB.

    Han er medlem av verdenscupkomiteen i langrenn i Det internasjonale skiforbundet (FIS).

    Pengespørsmålet var et tema under møtene til både verdenscupkomiteen og langrennskomiteen i FIS i Zürich fredag.

    I langrennskomiteen er Espen Bjervig Norges representant.

    Pengepremiene i hvert enkelt verdenscuprenn økes også. Her er det derimot beløpet for dem mellom seks og 20 på resultatlisten som heves. For de fem beste beholdes summen fra sist sesong.

    – Dette gjøres etter ønske fra løperne, sier Aune.

    Heretter blir det også delt ut premiepenger til de ti beste lagene i lagøvelser. Her var det bare belønning til de seks beste fra før. (NTB)

    Verdenscup langrenn, sprint prolog og finaler i World Cup Drammen
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste