NRK Meny
Normal

Fryktar nasjonar som vil slite ut Kristoff før spurten

RICHMOND (NRK): Gullfavoritt Alexander Kristoffs store utfordring i VM-løypa: Dårlege spurtnasjonar med gullambisjonar.

Alexander Kristoff

VM-KLAR: Alexander Kristoff.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Det meiner landslagssjef Stig Kristiansen, som har testa søndagens VM-løype med både bil og sykkel.

Kristiansen fryktar aller mest at gigantane Spania og Belgia skal male det norske laget i senk og hekte av spurtkanoner som Alexander Kristoff før oppløpet.

Stig Kristiansen

Landslagssjef Stig Kristiansen.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Kall det ein stillingskrig der dei mindre spurtsterke laga vil køyre for å slite ut spurtlaga. Spania vil nok sende folk avgarde ganske tidleg for å minimere antal «arbeidarar» på spurtlaga, som Tyskland, Australia og Norge, seier Kristiansen.

Valverde vs. Kristoff = rått parti

Spania stiller med ni ryttarar. Belgia og åtte andre land har like mange.

Men det er seks mann store Norge med kaptein Kristoff i spissen som må finne seg i å få favorittstempelet.

Kristoff har snakka om årets VM-løype i to år. Ei middels hard løype med bakkar der 28-åringen får god bruk for dei mange timane med beintrening i styrkerommet.

Ei middels hard langløype som mest sannsynleg endar med eit samla felt i kamp på oppløpet.

Men Norges landslagssjef tør likevel ikkje å utelukke at Kristoff og hans norske spurttog er ferdige før finalen.

– Spania vil ikkje ha Kristoff på hjulet til Alejandro Valverde dei siste 500 meterane. Dei vil helst at feltet sprekk opp, slik at Valverde, Philippe Gilbert (Belgia) og Greg van Avermaet (Belgia) kan gjøre opp om sigeren, seier Kristiansen.

Favoritt-press

I dag skal Kristoff køyre løypa i Richmond for første gang. 28-åringen skal allereie vere godt informert om kvar einaste oppoverbakke og kvar einaste brustein.

Kristoff kjenner løypa. Konkurrentane kjenner stjerna Kristoff.

– Det er sjeldan vi har favorittstempelet på oss. Det betyr at vi har ekstra press på oss, og må legge opp til ein annan måte å køyre sykkelløp på når vi har ein av gullfavorittane, seier Kristiansen.

– Andre nasjonar vil følge med på oss. Vi kan ikkje gøyme oss når kapteinen vår er årets mestvinnande ryttar i verda, seier landslagssjefen.

– Har gode kort på handa

– Så Norge må truleg ta meir ansvar i feltet?

– Dei andre vil nok forvente at vi sender eit par mann fram dersom det må køyrast hardt, ja.

– Korleis vil de løyse det?

– Vi må vurdere om vi er så interesserte i det. Vi vil nok løyse det på billegast mogleg måte. Vi har ansvar for å lose Kristoff først i mål, så vi må spele korta riktig for å få ha flest mogleg menn med inn mot slutten, seier landslagssjefen.

Kristoff har ein formsterk Boasson Hagen i ryggen, to lojale hjelparar i Sven Erik Bystrøm og Lars Petter Nordhaug samt Lotto Soudals Vegard Breen og IAM Cyclings Vegard Stake Laengen.

Dette er kanskje tidenes sterkaste norske landslag.

– Vi har veldig gode kort på handa, seier Kristiansen.

Siste nytt

  • Kokslien sikret kongepokalen

    Mikko Kokslien fulgte opp lørdagens NM-seier i kombinert da han utmanøvrerte Jørgen Graabak på nytt på søndagens 10 kilometer. Seieren ga også kongepokal. Dette var hans femte NM-tittel.

    NM kombinert
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Eckhoff dropper fellesstarten

    Tiril Eckhoff står over søndagens fellesstart i skiskyting på Sjusjøen. – Hun sparer seg til verdenscupåpningen fordi hun har vært syk i oppladningen til sesongen, og fikk ikke deltatt på den siste samlinga i Trysil, sier idrettssjef Per Arne Botnan.

    Tiril Eckhoff blir filmet av NRK
    Foto: Anders Rove Bentsen / NRK
  • Northug har friskmeldt seg

    Petter Northug har friskmeldt seg selv og er tilbake i lett trening, opplyser trener Stig Rune Kveen til NRK. – Petter føler seg muskulært og kroppslig klar for skirenn, sier Kveen. Det er uklart om Northug blir tatt ut til verdenscuprennene i Ruka.

    Northug
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sesongstart langrenn: 10 km fri teknikk, kvinner
Langrenn: 10 km fri teknikk kvinner
Sesongstart langrenn: 10 km fri teknikk, kvinner
V-cup skøyter: 5000 m kvinner
V-cup skøyter
Vinterstudio
Vinterstudio
Sesongstart skiskyting: Fellesstart menn
Sesongstart skiskyting: Fellesstart menn
Sesongstart skiskyting: fellesstart menn
V-cup skøyter: 10 000 m menn